Jens Marcussen den yngre

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Jens Marcussen den eldre.

Jens Marcussen (fødd 20. mai 1926 i Dypvåg, daud 29. januar 2007) var ein norsk skipsreiar og politikar for Høgre og Framstegspartiet. Han var ordførar i Tvedestrand kommune frå 1968 til 1971, og stortingsrepresentant i periodane 1981–1985 og 1989–1993. Også farfaren Jens Marcussen var i si tid stortingsrepresentant.

Jens Marcussen den yngre
Fødd20. mai 1926
Dypvåg
Død29. januar 2007 (80 år)
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet, Høgre
Yrkepolitikar, reiar, forretningsdrivande, redaktør
VervOrdførar i Tvedestrand 1968-1971
FøregangarAlbert Albretsen
EtterfylgjarAlbert Albretsen
Verv1. viseformann i Framstegspartiet
EtterfylgjarBjørn Erling Ytterhorn

BakgrunnEndra

Marcussen var son av skipsreiar Jens Nicolai Bertrand Marcussen (1886-1972) og husmor Maria Tovsen (1896-1981).[1]

Han hadde eksamen frå Oslo handelsgymnasium frå 1946 og befalskurs frå Luftforsvaret frå 1947. Fram til 1951 hadde han ymse førefallande arbeid i den omfattande verksemda faren dreiv i Dypvåg, både som gardsarbeidar, postfunksjonær og butikkekspeditør. I 1951-1952 var han kontorist i London og Newcastle og deretter kontorist ved faren sitt reiarlagskontor på Askerøya 1952–1957. I 1958 tok han over reiarlaget.[2] Han var også skogeigar 1976–1993.

Marcussen gifra seg med Marta Margarita «Martita» Christophersen i 1951. Dei hadde tre barn.[2]

PolitikkEndra

Marcussen var politisk aktiv for Høgre frem til 1975, då han melde overgang til Framstegspartiet. For Høgre var han medlem av Dypvåg kommunestyre 1952–1959, formann i Dypvåg Høyre 1952–1959, medlem av Tvedestrand kommunestyre 1960–1975 og 1980–1981 (varaordførar 1965–1966, ordførar 1967–1971), formann i Tvedestrand Høyre 1960–1962, fylkesvaraordførar i Aust-Agder 1967–1971 og formann i Aust-Agder Høyre 1972–1975. I Framstegspartiet var han 1. viseformann 1976–1978, redaktør i partiavisa Fremskritt 1976–1978, ordførar i landsstyret 1979–1981 og gruppesekretær for stortingsgruppa 1976–1977 og 1985–1986. Han tapte kampen om formannsvervet i partiet i ei kampavstemming mot Carl I. Hagen i 1978, men dei to heldt fram med å ha eit godt samarbeid.[2] Marcussen blei vald inn på Stortinget frå Rogaland 19811985 og frå Aust-Agder 19891993. I sin siste periode var han 1. visepresident i Lagtinget.

StortingskomitearEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra