John Archibald Wheeler
John Archibald Wheeler (fødd 9. juli 1911 i Jacksonville i Florida, død 13. april 2008) var ein amerikansk forskar og vitskapsmann. Fagfelta hans var kvantemekanikk og kvantefysikk.
John Archibald Wheeler | |||
| |||
Fødd | 9. juli 1911 Jacksonville | ||
---|---|---|---|
Død | 13. april 2008 Hightstown | ||
Nasjonalitet | USA | ||
Område | fysikk | ||
Yrke | fysikar, kjernefysiker, akademikar, faglitterær forfattar, universitetslærar, teoretisk fysikar | ||
Institusjonar | Princeton University University of North Carolina at Chapel Hill Universitetet i Leiden University of Texas Universitetet i Leiden | ||
Alma mater | Johns Hopkins University New York University Rayen High School | ||
Doktorgradsrettleiar | Karl Herzfeld | ||
Medlem | Royal Society American Academy of Arts and Sciences National Academy of Sciences American Physical Society |
Wheeler vart tildelt sin doktorgrad frå Johns Hopkins University i 1933. Avhandlinga hans, utført under oppsyn av professor og rettleier Karl Herzfeld, handla om teorien om spreiing og absorpsjon av helium. Wheeler starta den akademiske karrieren sin ved University of North Carolina ved Chapel Hill i 1935 og i 1938 vart han tildelt ei stilling ved Princeton University, der han vart verande fram til 1976. Wheeler vart utnemnd til direktør for Senter for teoretisk fysikk ved University of Texas frå 1976 til 1986, då han pensjonerte seg frå akademisk arbeid.
Då han døydde hadde Wheeler ei stilling ved Princeton University som professor emeritus. I motsetnad til einskilde andre lærde, hadde Wheeler høg prioritet på undervising av unge studentar. Sjølv etter at han vart ein kjend fysikar, fortsette Wheeler å undervise førsteårsstudentar i fysikk, og han uttalte at sinnet til dei unge var det viktigaste. Saman med mange andre leiande fysikarar, under andre verdskrigen, avbraut Wheeler sin akademiske karriere for å kunne delta i utviklinga av den første atombomba som ein del av Manhattanprosjektet.
Hovudsakleg var Wheeler tilsett i produksjonen av plutonium til bruk i atombomber. Nokre år seinare gjekk Wheeler med på å jobbe med utviklinga av ein meir kraftig hydrogenbombe. Etter å ha avslutta sitt atombombe-prosjekt returnerte Wheeler til Princeton University for å fortsetje den akademiske karrieren sin. I april 2009 hamna Wheeler i fokus for det månadlege tidsskriftet Physics Today som vart publisert av American Institute of Physics. Artiklane deira inneheldt refleksjonar skrivne av ulike framståande fysikarar, fleire av dei hadde Wheeler fungert som fysikk-rådgjevar for.
Bakgrunnsstoff
endre- Princeton University obituary
- Wheeler obituary + NY Times article
- Obituary, Daily Telegraph, 15 April 2008.
- Obituary, The Times, 15 April 2008.
- Obituary, The Guardian, 16 April 2008.
- John Wheeler
- Science Show – 13-09-2003 Profile of John Wheeler
- Law Without Law
- Wheeler's Classic Delayed Choice Experiment
- Annotated bibliography for John Wheeler from the Alsos Digital Library for Nuclear Issues Arkivert 2017-06-09 ved Wayback Machine.
- Princeton Physics News Volume 2, Issue 1 Winter 2006, (sjå s. 5) Arkivert 2009-02-27 ved Wayback Machine.
- Oral History interview transcript with John Archibald Wheeler 5 April 1967, American Institute of Physics, Niels Bohr Library and Archives Arkivert 2013-10-01 ved Wayback Machine.
- Oral History interview transcript with John Archibald Wheeler 6 December 1993, American Institute of Physics, Niels Bohr Library and Archives
- Cosmic Search Vol. 1 No. 4, FORUM: John A. Wheeler
- John Wheeler telling his life story at Web of Stories