John Bernhard Rekstad
- For fysikkprofessoren med same namn sjå John Bernhard Rekstad
John Bernhard Rekstad (fødd 2. oktober 1852 i Trondenes i Troms, død 1934) var ein norsk geolog. Han tok lærareksamen 1887, var lærar ved dei høgare skulane på Røros, Namsos og Lillehammer og 1896–1900 adjunkt ved Bergens katedralskole. Frå 1900 var han første geologen ved Noregs geologiske undersøkingar i Kristiania. Han dreiv særleg med brestudier (han utforska i 1890 og 1891 heile Svartisen) og med istidsavleiringane i Noreg. For Noregs geologiske undersøkingar utførte han geologisk kartlegging, særleg på Vestlandet, i Jotunheimen og i Nordland. Han utgav ei rekkje geologiske avhandlingar.
John Bernhard Rekstad | |
Fødd | 2. oktober 1852 Trondenes kommune |
---|---|
Død | 1. april 1934 |
Nasjonalitet | Noreg |
Yrke | geolog, fotograf |
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
John Berhard Rekstad var òg ivrig amatørfotograf. Dei geologiske reisene hans skulle føre han rundt om i heile landet og kameraet var alltid med han på tokt. Motivet for fotograferinga var først og fremst å dokumentere geologiske formasjonar, fjell, brear og steinprøvar. Men han fekk òg med seg mange vene stadmotiv og menneska rundt han. Negativsamlinga hans består av 2962 glasplater og planfilmar. Bileta finst på Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «John Bernhard Rekstad» frå Wikipedia på bokmål, den 5. september 2010.