Opna hovudmenyen

John Leventhal (fødd 18. desember 1952) er ein USA-amerikansk musikar, produsent, låtskrivar og lydteknikar som har produsert album for William Bell, Michelle Branch, Rosanne Cash, Marc Cohn, Shawn Colvin, Rodney Crowell, Jim Lauderdale, Joan Osborne, Loudon Wainwright III, The Wreckers og mange andre.

John Leventhal
JL Amps.jpeg
Fødd18. desember 1952 (66 år)
FødestadNew York City i USA
OpphavUSA
SjangerCountry, Americana
InstrumentGitar, bassgitar, klaverinstrument, trommer, lydteknikar
Tilknytte artistarRosanne Cash
Verka somMusikar,
Komponist
Plateprodusent
Gift medRosanne Cash

Som musikar har han arbeidd med både desse artistane, i tillegg til Jackson Browne, Willie Nelson, Bruce Hornsby, Elvis Costello, Dolly Parton, Emmylou Harris, Charlie Haden, David Crosby, Levon Helm, Edie Brickell, Paul Simon, Patty Larkin, Susan Tedeschi, Tedeschi Trucks Band, Steve Forbert, Kelly Willis, Donald Fagen og Johnny Cash.

Som låtskrivar har han over 150 songar som er spelt inn av forskjellige artistar, inkludert Rosanne Cash, Shawn Colvin, Marc Cohn, Michelle Branch, The Tedeschi Trucks Band, Vince Gill, George Strait, Shelby Lynne, Patty Loveless, Jim Lauderdale, Joe Cocker og William Bell.

Han er gift med Roseanne Cash.

KjelderEndra