John Mearsheimer
John Joseph Mearsheimer (fødd 14. desember 1947) er ein amerikansk statsvitar frå Brooklyn i New York.
Karriere
endreMearsheimer studerte ved United States Military Academy 1966–1970, og tenestegjorde dinest fem år som offiser ved United States Air Force. I 1974 tok han mastergrad i internasjonal politikk ved University of Southern California, og doktorgrad ved Cornell University i 1980. Han var vitskapleg assistent ved Brookings Institution i Washington, D.C. 1978–1979, og postdoktor ved Harvard University 1980–1982. Sidan 1982 har Mearsheimer vore professor i statsvitskap ved University of Chicago.[1]
Idéar
endreNyrealisme
endreMearsheimer høyrer til den nyrealistiske skulen innan internasjonal politisk teori. Inspirert av Kenneth Waltz har Mearsheimer vorte den største eksponenten for offensiv realisme. Til skilnad frå den klassiske realismen til Hans Morgenthau er dette ein strukturell teori, og hevdar at maktkonkurranse mellom statar kjem som fylgje av anarkiet i det internasjonale politiske systemet, ikkje menneskenaturen. I motsetnad til den defensive realismen til Waltz, meiner Mearsheimer og offensive realistar at statar ikkje vil verta tilfredsstilte med ei gjeve mengd makt, men vil alltid søkja hegemoni for å vera på den sikre sida. Mearsheimer meiner dette kjem av at anarkiet i det internasjonale politiske systemet skapar ein sterk motivasjon for statar til å søkja makt så det går ut over konkurrerande statar. Han har særleg gjort greie for denne sjona i The Tragedy of Great Power Politics frå 2001.[2] I den samanhengen har Mearsheimer også hylla den klassiske realisten E.H. Carr og sjona hans på det internasjonale politiske systemet som eit anarki.[3]
Israel-lobbyen
endreI 2006 gav Mearsheimer ut saman med Stephen Walt eit arbeidsnotat,[4] og seinare ein artikkel i London Review of Books, der dei analyserte den makta som den såkalla Israel-lobbyen har til å forma den amerikanske utanrikspolitikken.[5] Dei omtalte Israel-lobbyen som «ein laus koalisjon av enkeltpersonar og organisasjonar som aktivt arbeider for å styra amerikansk utanrikspolitikk i ei israelvenleg retning».[6] Dei påpeikte at dette er ein tendens, ei rørsle, ikkje ein konspirasjon. Mearsheimer meiner at innverknaden til lobbyen har vore overveiande negativ, og at han har skove utanrikspolitikken i ei retning som er i strid med både amerikanske og israelske interesser.[6]
Kina
endreMearsheimer meiner den økonomiske veksten til Kina vil føra til at landet søkjer regionalt hegemoni, og at USA vil freista å hindra Kina i dette. Han spår at USA vil finna regionale allierte – som India, Japan, Sør-Korea, Vietnam og Indonesia — for å demma opp for eit kinesisk hegemoni. Mearsheimer meiner det ligg i naturen til den internasjonale politikken, at regionale stormakter hindrar statar i andre regionar å søkja tilsvarande hegemoni.[7]
Russland–Ukraina
endreMearsheimer meiner NATO og dei vestlege landa ber ansvar for å ha provosert den russiske invasjonen av Ukraina i 2022. Ifylgje Mearsheimer byrja problemet i 2008 då president G.W. Bush uttalte at Ukraina og Georgia ville verta medlemer av NATO,[8][9] noko russiske leiarar oppfatta som ein eksistensiell trugsel mot Russland. USA ignorerte åtvaringa frå Russland og heldt fram med å støtta vestorienteringa av Ukraina. Situasjonen vart ifylgje Mearsheimer spissa til under Trump med m.a. sal av «defensive» våpen til Ukraina, og under Biden med m.a. marineøving i Svartehavet. Mearsheimer meiner det ikkje er imperieambisjonane til Putin eller irrasjonalitet som er årsaka til krigen.[10][11] Mearsheimer uttalte i februar 2022 at Russland burde få ein tydeleg bodskap om at Ukraina ikkje ville verta teke opp i NATO. Han samanlikna høvet mellom Russland og Ukraina med høvet USA har til Canada, Mexico og Cuba, der USA neppe ville akseptert andre stormakter i å inngå militæralliansar med nabolanda til USA.[8][12]
Kjelder
endre- ↑ «John Mearsheimer | Department of Political Science», political-science.uchicago.edu, henta 28. desember 2023
- ↑ Mearsheimer, John. The Tragedy of Great Power Politics (på engelsk). New York: W. W. Norton & Co. ISBN 0-393-02025-8.
- ↑ Mearsheimer, John. «E.H. Carr vs. Idealism: The Battle Rages On». International Relations (på engelsk) 19 (2): 139. doi:10.1177/0047117805052810.
- ↑ «The Israel Lobby and U.S. Foreign Policy.», www.hks.harvard.edu (på engelsk), henta 28. desember 2023
- ↑ Mearsheimer, John og Walt, Stephen (23. mars 2006). «The Israel Lobby». London Review of Books (på engelsk) 28 (6): 3–12. ISSN 0260-9592.
- ↑ 6,0 6,1 Mearsheimer, John og Walt, Stephen (2007). The Israel Lobby and U.S. Foreign Policy (på engelsk). Farrar, Straus & Giroux. s. 5. ISBN 0-374-17772-4. «loose coalition of individuals and organizations who actively work to steer U.S. foreign policy in a pro-Israel direction.»
- ↑ Mearsheimer, John. «China’s Unpeaceful Rise». Current History (på engelsk) 105 (690): 160–162.
- ↑ 8,0 8,1 Mearsheimer, John J. (2014). «Why the Ukraine Crisis Is the West's Fault: The Liberal Delusions That Provoked Putin» (PDF). Foreign Affairs 93 (5): 77–89. ISSN 0015-7120. JSTOR 24483306.
- ↑ Matt Spetalnick. «Bush to press for Ukraine and Georgia in NATO» (på engelsk). Reuters. Henta 28. desember 2023.
- ↑ Mearsheimer, John (11. mars 2022). «John Mearsheimer on why the West is principally responsible for the Ukrainian crisis». The Economist. ISSN 0013-0613.
- ↑ Chotiner, Isaac (1. mars 2022). «Why John Mearsheimer Blames the U.S. for the Crisis in Ukraine». The New Yorker (på engelsk). ISSN 0028-792X.
- ↑ Holm, Gro (9. februar 2022). «Amerikansk professor: – Vi må si at Ukraina ikke kommer til å bli en del av Nato». NRK (på norsk bokmål). Henta 15. mars 2022.
- Denne artikkelen bygger på «John Mearsheimer» frå Wikipedia på bokmål, den 28. desember 2023.
Litteratur
endre- Mearsheimer, J. (2018). The Great Delusion: Liberal Dreams and International Realities (på engelsk). Yale University Press. ISBN 978-0-300-23419-0.
- Mearsheimer, J. (2011). Why Leaders Lie: The Truth About Lying in International Politics (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 0-199-75873-5.
- Mearsheimer, J. & Walt, S. (2007). The Israel Lobby and U.S. Foreign Policy (på engelsk). Farrar, Straus & Giroux. ISBN 0-374-17772-4.
- Mearsheimer, J. (2001). The Tragedy of Great Power Politics (på engelsk). New York: W. W. Norton & Co. ISBN 0-393-02025-8.
- Mearsheimer, J. (1988). Liddell Hart and the Weight of History (på engelsk). Ithaca: Cornell University Press. ISBN 0-8014-2089-X.
- Mearsheimer, J. (1983). Conventional Deterrence (på engelsk). Ithaca: Cornell University Press. ISBN 0-8014-1569-1.