Kanelspove
Kanelspove (Limosa fedoa) er ein spove i snipefamilien som hekkar på prærien i sentrale Nord-Amerika og elles lever langs kystane av USA, Mexico og Mellom-Amerika utanom hekketida.
Kanelspove | |
Kanelspove Foto: Wikimedia-brukar Faucon
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av kanelspove | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Snipefamilien Scolopacidae |
Slekt: | Limosa |
Art: | Kanelspove L. fedoa |
Vitskapleg namn | |
Limosa fedoa |
Skildring
endreKanelspoven er den største av dei fire spoveartane i den biologiske slekta Limosa med kroppslengd på 42 til 48 centimeter og ei vekt på ca. 300 til over 500 gram, hofuglane er klårt størst.[1] Dette er den arten i slekta som ut frå fjørdrakt minnar mest om spovane i slekta Numenius. Han har eit langt rakt, noko oppbøygd nebb med mørk tupp og beina er mørke.
Vaksne individ i hekkedrakt har mørk fine strek på en botten av ljus sandfarge med innslag av rustbrunt på hovud, hals, bryst og på undersida av kroppen. Nebbfarga er rosaorange og han har en svakt mørkare tygel og eit sandfarga augebrynstrek. Ryggen, overgumpen og stjerten er spraglete i mørkebrunt, beige og med stenk av kvitt. Han har ljuse, kanelfarga vengundersider.
Adulte fuglar i vinterdrakt og juvenile fuglar saknar dei mørke strekene på brystet og undersidan, og nebbrota deira er rosa.
- Utbreiing, biotop og hekking
Denne spovearten hekkar på prærien i Alberta, Saskatchewan og Manitoba, Canada og i tilstøytande område i Montana og North Dakota i USA. Dei hekkar òg i området sørvest for Jamesbukta i Ontario, Canada. Hekkebiotopen er prærien nær dammar, og dei legg egga sine i enkle reir på bakken i kort gras, reira er sparsamt fôra med tørt gras.
Kanelspove er ein flyttfugl. Om hausten trekker dei flokkvis til kysten av California, Mexicogolfen, Mexico og Mellom-Amerika, men streiffuglar kan treffast i Sør-Amerika sør til Chile.
- Status
Populasjonen var minkande under 1800-talet på grunn av jakt, men kom til å innhente seg. I dag er bestanden trudd å vere inntil 200 000, og er i det minste stadvis i ein liten tilbakegang, mest grunna tap av hekkebiotoper som blir dyrka til jordbruksmark, samt på grunn av jakt.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Präriespov» frå Wikipedia på svensk, den 21. september 2016.
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 Van Gils, J., Wiersma, P. & Kirwan, G.M. (2016). Marbled Godwit (Limosa fedoa) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 21. september 2016
Bakgrunnsstoff
endre- BirdLife International (2016) Species factsheet: Limosa fedoa Arkivert 2015-09-14 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 21. september 2016