Kari Midtigard på Tinn

Kari Midtigard på Tinn er ein springar som er mykje nytta i Telemark, men og på Voss, der springaren heiter Fossmarken. Øistein Håkanes skreiv til Arne Bjørndal i 1945: ..."En luråsslått. Kari Midtigarden på Tinn er sikkert kommet fra Voss". Det finst og ein gamal form av slåtten i Flesberg som er kalla Løytnantdrengen.

Kari Midtigard på Tinn heitte opphavleg Kari Varen og var frå Åmotsdal. Ho var i teneste på Midtigard Lurås på Tinn då ho fekk ein unge med Halvor Lurås, onkelen til spelemannen Knut Lurås. Denne ungen vart seinare rosemålaren Knut Hovde frå Tuddal, som vart tippoldefar til spelemennene Hauk Buen og Knut Buen.

Kvedaren Talleiv Røysland har den mest utbygde stev-forma til slåtten, der dei første linene går slik:

Kjenner du Kari Midtigard på Tinn
Ho slepper ikkje gutane inn...

Visa slik ho er attgjeven hjå Talleiv fortel korleis Kari vart vunnen.

Variantgruppa endre

Slåtten har katalognummer 489 i Hardingfeleverket band VI. Slåtten har seks variantar i gruppa.