Karim Masimov
Karim Qazjymqanuly Masimov eller Kärim Qazjymqanuly Mäsimov (fødd 15. juni 1965) er ein kasakhstansk politikar som var statsminister i Kasakhstan frå 10. januar 2007 til 24. september 2012.
Karim Masimov | |||
| |||
Fødd | kasakhisk Кәрім Қажымқанұлы Мәсімов 15. juni 1965 (59 år) Astana | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Sovjetunionen, Kasakhstan | ||
Yrke | politikar, samfunnsøkonom | ||
Utdanna ved | Russlands folkevennskapsuniversitet Narxoz University Wuhanuniversitetet Beijings universitet for språk og kultur Columbia University K.G. Razumovsky Moscow State University of Technology and Management | ||
Verv | Statsminister i Kasakhstan 2007-2012 | ||
Føregangar | Danial Akhmetov | ||
Etterfylgjar | Serim Akhmetov | ||
Alle verv |
|
Masimov er etnisk uigur. Han vart fødd i Tselinograd (seinare Astana, no Nur-Sultan).
Han vart utdanna mellom anna på Patrice Lumumba-universitetet for folka sitt venskap i Moskva og i Beijing og Wuhan i Kina. I 1991 jobba han i arbeidsministeriet i Kasakhstan. Frå 1992 til 1995 jobba han i Kina og Hong Kong for kasakhstanske kommersielle strukturar. Frå 1995 til 2000 hadde han leiarstillingar i fleire bankar i Kasakhstan. Han gjekk inn i regjeringa i 2000 som samferdselsesminister. I 2001 vart han visestatsminister, 2003 rådgjevar for presidenten. I 2006 vart han igjen visestatsminister. President Nursultan Nazarbajev utnemnde han som statsminister i januar 2007 etter at forgjengaren, Danial Akhmetov, gjekk av.
Masimov beherskar russisk, engelsk, kinesisk, arabisk og uigurisk. Han er gift og har tre born.