Årdalstangen-Lærdal/Kaupanger

ferjesamband

Årdalstangen-Lærdal/Kaupanger var eit ferjesamband i Indre Sogn mellom Årdalstangen i Årdal kommune, Kaupanger i Sogndal kommune og Lærdalsøyri i Lærdal kommune. Sambandet vart til i 1946 og skifta mellom å gå Årdalstangen-Kaupanger og Årdalstangen-Lærdal. Saman med sambanda Lærdal-Kaupanger og Lærdal-Kaupanger-Gudvangen vart det lite nett av ruter som snart skulle bli større.

Årdalstangen-Lærdal/Kaupanger
TraséÅrdalstangen-Lærdal,
Årdalstangen-Kaupanger
RuteformSamband med skiftande stopp
RutenettTidlegare ferjesamband i Indre Sogn
DriftselskapFylkesbaatane
Oppretta1946
Nedlagd1966
Erstatta avÅrdalstangen-Kaupanger,
Årdalstangen-Kaupanger-Revsnes-Gudvangen

I 1966 vart dåverande E68 forlenga frå Lærdalsøyri til ny Revsnes ferjekai 14 kilometer nordvestover langs Sognefjorden for å korte ned overfartstida til Kaupanger og dåverande E68 Gudvangen, og denne erstatta ferjekaia på Lærdalsøyri. Med dette vart sambanda lagde opp på nytt, og Årdalstangen-Lærdal/Kaupanger vart erstatta av Årdalstangen-Kaupanger og Årdalstangen-Kaupanger-Revsnes-Gudvangen.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre