Keith McMillan

britisk fotograf

Keith Lionel McMillan (16. april 193422. mars 2012) var ein engelsk fotograf og kunstnar. Han kom frå ein familie med mange kunstnariske talent: Mora var dansar, faren pianist og fotograf og broren kunstnar. Som barn viste McMillan at han var glad i musikk og friidrett, så mora melde han på ballett då han var åtte år gammal.[1]

Keith McMillan

Verkeleg namn Keith Lionel McMillan
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 16. april 1934(1934-04-16)
Cuckfield i Sussex i England
Død

22. mars 2012 (77 år)

Yrke Ballett, fotografi, kunstmåling
Språk engelsk

McMillan hadde ein karriere som ballettdansar, og dansa i mange ballettar. Sidan arbeidde han som fotograf og arbeidde for mange magasin frå 1967 til 1997. I 1968 fotograferte han dronninga av Storbritannia og familien hennar i høve gebursdagen hennar. Han fotograferte mange kjende folk som Tom Jones, Keith Richards, Roy Orbison, Mick Jagger, John Lennon,[2] Yoko Ono, Henry Moore og Man Ray. Han skapte det ikoniske plateomslaget til det sjølvoppkalla debutalbumet til Black Sabbath, gjeve ut i 1970.

I 1980 regisserte han musikkvideoen for Paul McCartney-songen «Coming Up», og var musikkvideoregissør for ei rekkje artistar som Culture Club, Blondie, Pat Benatar, Queen, Bob Marley, Simple Minds, Kiss, Ian Gillan, Paul McCartney, Mike Oldfield, Motörhead, Kate Bush, Bananarama, Billy Squier, Ashford & Simpson, Foreigner, Wings og The Clash.[3]

Kjelder

endre
  1. Keith McMillan - The iconic Campaign shots. prweek.com (12. april 2012).
  2. ACORN EVENT by Yoko Ono. imaginepeace.com (2008-06-13), an article on John Lennon and Yoko Ono that McMillan Photographed
  3. https://www.imdb.com/name/nm1130106/