Kid Charlemagne
Kid Charlemagne Singel av Steely Dan frå albumet The Royal Scam | ||
B-side |
Green Earrings | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Mai 1976 | |
Sjanger | Funkrock, poprock, jazzfusion, jazzrock | |
Lengd | 4:38 | |
Selskap | ABC | |
Tekstforfattar | Walter Becker | |
Låtskrivar(ar) | Walter Becker, Donald Fagen | |
Produsent | Gary Katz | |
Steely Dan-kronologi | ||
«Bad Sneakers» (1975) |
Kid Charlemagne | «The Fez» (1976)
|
«Kid Charlemagne» er ein song av den amerikanske rockegruppa Steely Dan, som kom ut på singel i 1976 frå albumet deira The Royal Scam. Singelen nådde 82. plassen på Billboard-lista.[1] Der er ei blanding av ein funkrytme og jazzharmoniar med rock and roll-instrumentering og tekststil. Gitarsoloen av jazzfusion-gitaristen Larry Carlton vart rangert på 80. plassen på lista over dei 100 beste gitarsoloane hos Rolling Stone, som skreiv at «Seint i 1970-åra laga Steely Dan plater ved hjelp av ei rekkje, dyktige studiomusikarar i opptak etter opptak skapte ei endelaus rekkje med gitarsoloar som gjev ein hakeslepp. Larry Carlton kosmiske jazzsolo i fleire lag på dette sporet kan vere den beste av die alle: Han er så kompleks at det er ein song i seg sjølv.»[2]
Teksten fortel soga om korleis ein dopseljar kjem seg opp, før han fell ned i eit psykedelisk miljø i 1960-åra på Vestkysten i USA. Walter Becker og Donald Fagen, som skreiv songen, har sagt at teksten var laust basert på LSD-kjemikaren Owsley Stanley frå San Francisco.[3]
Medverkande
endre- Donald Fagen – solovokal, orgel
- Larry Carlton – sologitar
- Walter Becker – rytmegitar
- Don Grolnick – Fender Rhodes elektrisk piano
- Paul Griffin – Hohner Clavinet
- Chuck Rainey – bass
- Bernard Purdie – trommer
- Donald Fagen, Michael McDonald, Venetta Fields, Clydie King, Sherlie Matthews – korvokal
Anna bruk
endre- Kanye West sampla songen på «Champion» frå albumet Graduation i 2007. Becker og Fagen nekta først å la West bruke songen. Dei endra meining etter å ha fått eit personleg brev frå West som forklarte kor viktig songen var for han.[4]
- I TV-serien Malcolm in the Middle, i fjerde sesong episode 15, finn Hal (Bryan Cranston) ein gammal radiosendar han brukte på college for ei piratradiosending han dreiv under pseudonymet «Kid-Charlemagne».[5]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kid Charlemagne» frå Wikipedia på engelsk, den 14. januar 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Steely Dan USA chart history, Billboard.com. Henta 10. januar 2021.
- ↑ «The 100 Greatest Guitar Songs». Arkivert frå originalen 30. mai 2008. Henta 5. mai 2017.. Henta 14. januar 2021.
- ↑ Complete transcript of Donald Fagen and Walter Becker in a BBC-Online Chat Arkivert 2009-04-13 ved Wayback Machine., 4. mars 2000
- ↑ Scarano, Ross (16. oktober 2012). «Interview: Steely Dan's Donald Fagen Talks New Album, Reclaiming the Ghetto, and Getting a Letter From Kanye». complex.com. Henta 14. januar 2021.
- ↑ «Malcolm in the Middle episodes guide - 4 Season, Episode 15 (78) - Garage Sale». imdb.com. 6. april 2003. Henta 20. mai 2020.