Opna hovudmenyen

Ketil Johnsen Melsted Motzfeldt (10. august 181417. november 1889) var ein norsk offiser, sjømann, embetsmann, stortingsrepresentant og statsråd. Peter Motzfeldt var far hans, Ulrik Motzfeldt bror hans.

Ketil Motzfeldt
Ketil Motzfeldt.jpg
Fødd 10. august 1814
Bergen
Død

17. november 1889
Christiania

Yrke politikar
Ketil Motzfeldt på Commons

Motzfeldt var fødd i Bergen. Tolv år gammal vart han teken opp ved sjøkadettinstituttet i Fredriksvern, tok eksamen og vart sekondløytnant i 1832. Frå 1833 til -35 siglde han i koffardifart, var deretter ekvipasjemeister ved marinen sitt verft 1836-38 og 1841-42. År 1844 var han sjef for dei fyrste djupnemålingar langs kysten av høvesvis Finnmark og Møre. Han var oppsynssjef under vårsildfisket 1851-57 og lofotfisket 1858.

År 1854 var Motzfeldt formann i ein kongeleg kommisjon om lofotfisket, og medlem av kommisjonar om stortingsbygninga 1857, om skysslova 1858, om seifisket i Nordland og Finmarken 1859. I 1877 deltok han i den parlamentariske skattekommisjonen.

I 1852 og -53 var han ekspedisjonssjef i postvesenet. Generalpostdirektør frå 1857 til 1860, då generalpostdirektoratet vart omgjort til Postdepartementet. Motzfeldt vart då statsråd og sjef for både Postdepartementet og Marinedepartementet frå 18. august 1860 til 31. oktober same året. Deretter var han medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm fram til 30. september 1861, frårekna to veker i august då han var medlem av den svensk-norske interimsregjeringa som styrte medan kongen var sjuk. Frå 1. oktober til 1. desember 1861 var han sjef for Marine- og postdepartementet.

Motzfeldt representerte Christiania på Stortinget 1854 og Christiania og Hønefoss 1857 og 1858, og Christiania, Hønefoss og Kongsvinger 1859-60. Frå 1871 til 1885 var han stortingsmann for Jarlsberg og Larvik amt. I 1854 var han sekretær i militærkomiteen, i 1857 medlem i same. Han var i 1859-60 formann i både militærkomiteen og trykkekomiteen. Frå 1871 til -82 var han mellom anna formann i næringskomite nr 1, og 1874 medlem av jarnbanekomiteen samt 1875-77 medlem av røysterettskomiteen. 1880-82 var han medlem av Lagtinget, 1883-85 av konstitusjonskomiteen.

Motzfeldt vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden i 1857, og i 1860 forfremja til kommandør. Han var også riddar av den danske Dannebrogordenen og kommandør av 1. klasse av den svenske Nordstjerneordenen.

Etter han gjekk av frå statsrådet i 1861 budde Motzfeldt i Borre fram til 1886. Sidan var han busett i Kristiania, der han døydde i 1889.

Hans Dagbøger 1854-1889 vart utgjevne i 1908.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

BakgrunnsstoffEndra