Kjell Ove Hauge (fødd 20. februar 1969 på Sandane) er ein norsk tidlegare kulestøytar og diskoskastar. Sidan 2013 er han rektor ved Kuben videregående skole i Oslo.

Kjell Ove Hauge

Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. februar 1969 (55 år)
Sandane
Yrke friidrettsutøvar, skuleleiar, lærar, prosjektleder, trenar
Språk norsk, engelsk
Høgd 194 centimeter
Nettstad https://kjellove.wordpress.com/
Kjell Ove Hauge på Commons

Hauge er norsk meister i kulestøyt fire gongar, og har NM-medaljar også frå diskos. Under VM i friidrett 1997 i Athen deltok han i både kulestøyt og diskos. Med det vart han den fyrste nordmann som har delteke i to tekniske øvingar i et friidretts-VM. Hausten 1998 tilstod han bruk av anabole steroidar i samband med ein skade, og trakk seg tilbake som idrettsutøvar. Han representerte klubbane Fjellhug/Vereide IL, Breimsbygda FIL, IL Fri og Gloppen Friidrettslag.

Kuben vgs har under Hauge si leiing etablert seg som ein av dei mest søkte skular i Oslo, og har motteke ei rekke utmerkingar,[1] der Benjaminprisen 2018 rager høgst.

Bakgrunn endre

Hauge vaks opp i idrettskommunen Gloppen og gjekk der på idrettsfag ved Firda vidaregåande skule.

I perioden 1990 til 1995 var han student med idrettsstipend ved University of Texas i El Paso (UTEP) i USA. Etter returen til Noreg tok han pedagogisk utdanning og var frå 1999 lærar ved idrettslinja ved Bjerke videregående skole i Oslo. Han tok sidan mastergrad innan skuleleiing ved Handelshøyskolen BI og vart utviklingsleiar ved same skule. Sidan hausten 2013 er han rektor ved den største skulen i Oslo, Kuben videregående skole på Økern.

Idrettskarriere endre

Hauge sin barndomsklubb var Fjellhug/Vereide IL. I 1989 vart han dobbelt norsk juniormeister i kule og diskos under jr.-NM i Moss. Året etter, i 1990, vann han bronsemedalje i kulestøyt bak Georg Andersen og Lars Arvid Nilsen. Han var dette året medlem av Bergensklubben IL Fri.[2] Per 1. januar 2008 hadde Hauge framleis klubbrekorden i diskos for IL Fri.[3]

I 1991 kom han tilbake til Gloppen og den nye overbygningsklubben Gloppen Friidrettslag. Han vart noregsmeister fyrste gong i 1993 i kulestøyt[2]. Det same året tok han også sin fyrste NM-medalje i diskos med bronse.[4]

1994 – over 20 meter endre

I 1994 brøyt han 20 metersgrensa i kulestøyt. Det skjedde under den amerikanske universitetsmeisterskapen i friidrett i Boise, Idaho. Han støytte kula 20,07 meter, og vart nummer to bak amerikanaren Brent Noon.[5] Hauge viste John Godina til tredje plass, mannen som året etter vart verdsmeister, støytte 22,00 meter og etablerte seg som verdas beste kulestøytar dei ti neste åra. Tilbake i Europa vann Hauge Europacupen i Istanbul, denne gong i diskos med 59,14 m.[6] I august deltok han i kulestøyt i den historiske europameisterskapen i Helsingfors der Noreg vann tre gull, to sølv og ein bronse. Hauge si form var dalande etter ein lang vår i USA og han kom ikkje vidare frå kvalifiseringsrunden. Trass dette vann han sitt andre noregsmeisterskap i kulestøyt den etterfylgjande veka.

1996 – Grand Prix Finale endre

1995-sesongen til Hauge vart amputert på grunn av skadar. I 1996 hadde han ein sesong med årsbeste på 19,86 meter, og godt over den internasjonale kvalifiseringsgrensa på 19,50 meter til OL i Atlanta. Den norske olympiske komité sette derimot grensa til 20,00 meter, og Hauge kom ikkje med. Dermed kom Hauge i den situasjonen at han var kvalifisert til Grand Prix Finalen i Milano som topp åtte i verda, men fekk ikkje delta i dei Olympiske leikar. I Milano vart han nummer åtte med 19,34 meter. Dette året tok han sitt tredje NM-gull og slo Georg Andersen i ein jamn konkurranse i Kristiansand.[2]

1997 – VM-finale endre

1997 skulle bli Hauge sin beste sesong. Han støytte 20,37 meter under eit innandørsstemne i Genova, Italia allereie i februar.[7] Under Innendørs-VM i 1997 støytte han 19,78 meter i kvalifiseringsrunden, og 19,42 i finalen. Han vart med dette nummer 11, og sin einaste meisterskapsfinale i karrieren.[6] Under eit stemne i Tønsberg i juni kasta han personbeste med 63,10 meter i diskos,[8] og fekk dermed representere Noreg i både kule (nr. 4) og diskos (nr. 5) i Europacupen i Munchen.[6] Han kvalifiserte seg samstundes til VM i Athen i både kulestøyt og diskos. Med dette vart han den fyrste nordmann med deltaking i to tekniske øvingar i eit friidretts-VM. Han klarte ikkje å fylgje opp med toppprestasjonar, med berre 25. plass i kulestøyt og 32. plass i diskos.[6] Hauge vart norsk meister i kulestøyt for fjerde gong dette året[2], men fekk ikkje NM-medalje i diskos.

1998 – doping – legg opp endre

Sesongen 1998 vart Hauge sin siste som idrettsutøvar. Ein skade i høgre lår stoppa innandørssesongen, men han debuterte utandørs med personleg rekord på 20,39 meter under Grand Prix stemnet ’’Steve Prefontaine Memorial’’ i Eugene i Oregon. Resultatet rangerer Hauge som nummer seks blant Noregs beste kulestøytarar, bak Nilsen, Andersen, Jan Sagedal og Knut Hjeltnes (per januar 2009).[9] I juni vann han Europacupen i kulestøyt med 20,07 meter i Malmö.[6]

Dopingsaka endre

Før noregsmeisterskapen i friidrett i månadsskiftet juli-august 1998 heldt Hauge ein pressekonferanse på Toppidrettssenteret i Oslo der sa at han tilstod å ha brukt det ulovlege stoffet methandienon, (eit anabole steroid). Han bad om orsaking for det han sa var eit feilval i samband med ein muskelskade i høgre lår. Han tok konsekvensen av dette ved å leggje opp som toppidrettsutøvar.[10] Hauges tilståing medførte at Idrettens domsutvalg reduserte straffa med seks månadar, frå 24 til 18.[11]

Internasjonale meisterskap endre

År Meisterskap Stad Land Plassering Øving Resultat
1994 NCAAs studentmesterskap Boise, Idaho   USA Sølv Kulestøyt 20,07 m
1994 EM Helsingfors   Finland 23. Kulestøyt 18,23 m
1994 Europacup Istanbul   Tyrkia Gull Diskoskast 59.14 m (Banerekord)
1996 World atheltics final Milano   Italia 8. Kulestøyt 19,34 m
1997 VMi Paris   Frankrike 11. Kulestøyt 19,42 m
1997 VM Aten   Hellas 25. Kulestøyt 18,37 m
1997 VM Aten   Hellas 33. Diskoskast 57,00 m
1997 Europacup München   Tyskland 4. Kulestøyt 19,04 m
1997 Europacup München   Tyskland 5. Diskoskast 56,60 m
1998 Europacup Malmö   Sverige Gull Kulestøyt 20,07 m

NM-medaljar endre

Plassering Øving År
Gull Kulestøyt 1993, 1994, 1996 og 1997
Sølv Diskos 1994
Bronse Kulestøyt 1991, 1995
Bronse Diskos 1993 og 1995

Personlege rekordar endre

Dette er ei liste over Hauge sine bestenoteringar der resultata er blant Noregs 30 beste gjennom alle tider per 1. januar 2008 (plassering under ranking). Alle resultata til Hauge er også per 1. januar 2022, gjeldande krinsrekordar for Sogn og Fjordane.

Øvelse Resultat Dato År Sted Land Ranking
Kulestøyt 20,39 m 31. mai 1998 Eugene i Oregon   USA 6
Diskos 63,10 m 14. juni 1997 Tønsberg   Noreg 13
Høyde u.t. 1,73 m 13. september 1995 Sandane   Noreg 12
Lengde u.t. 3,39 m 30. juni 1994 Sandane   Noreg 28

Trenarkarriere endre

Frå 2000 til 2006 var Hauge ressurstrenar for fotballklubben Skeid sitt A-laget og for junior elite-lag, med ansvar for skadeførebyggande trening, styrke, spenst og snøggleik.[12]

I 2001 og 2002 var han også trenar for friidrettsutøvaren Elin Isane, som begge desse åra tok sølvmedaljar i både kule og diskos under NM.

Kjelder endre

  1. kuben.vgs.no: Kuben er Oslos mest søkte skole!, besøkt 9. april 2022
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «NM-medaljer i kulestøt». friidrett.no.  statistikk
  3. «Klubbrekorder menn». il-fri.no.  statistikk
  4. «NM-medaljer i diskos». friidrett.no.  statistikk
  5. «Årets beste liste 1994». Stagionali.  statistikk
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 «Norske internasjonale atleter - H». friidrett.no.  statistikk
  7. «Årets beste liste 1997». Stagionali.  statistikk
  8. «Alle tiders beste diskoskastere». friidrett.no.  statistikk
  9. «Alle tiders beste kulestøtere». friidrett.no.  statistikk
  10. NTB (30. juli 1998). «Historikk: Store norske dopingsaker». Dagbladet.no. 
  11. «Kjell Ove Hauge er utestengt fra all idrett i 18 måneder». Dagbladet.no. 13. oktober 1998. 
  12. «Kule-Hauge tilbake som styrketrener». vg.no. 

Bakgrunnsstoff endre