Kvegdyr

pattedyrfamilie
(Omdirigert frå Bovidae)
Kvegdyr
Afrikabøffel
Afrikabøffel
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Pattedyr Mammalia
Underklasse: Theria
Infraklasse: Placentale pattedyr Placentalia
Overorden: Paraxonia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Kvegdyr Bovidae
Gray, 1821

Kvegdyra er ein familie av klauvdyr som består av kveg, geiter, sauer og antiloper; til saman nesten 140 artar. Familien er stor og vidt utbreidd, med innfødde medlemmer på alle kontinent bortsett frå Sør-Amerika, Oseania og Antarktis. Kommersielt er gruppa òg viktig, sidan ho omfattar fleire av dei viktigaste husdyra våre: storfe, sauer, geiter og vassbøflar.

Skildring endre

Dei største kvegdyra står to meter høge ved skuldrene og veg godt over eit tonn, medan dei minste er på storleik med ein vanleg huskatt og veg knapt nok 3 kg. Somme artar lever i store flokkar med komplekse sosiale strukturar, andre fører eit solitært liv. Ein kan finna kvegdyr i alle slags landskapstypar, frå djupe regnskogar til forblåst tundra.

Alle medlemmene av familien har fire magar, og jortar attpå. Dette, godt hjelpt av bakteriefaunaen i magane, gjer at dei er i stand til å bryta ned cellulose og såleis eta gras. Kvegdyr som lever av gras er som regel tyngre bygd enn kvegdyr som et andre planter; dette kjem av at fordøyingssystema som regel tek større plass hjå grasetarar.

Kvegdyra høyrer til klauvdyra, og har to tær på kvar fot. Alle hannar (og mange hoer) har horn i keratin, desse varierer sterkt i form, men er alltid ugreina.