Knut Øysteinsson Lurås

Knut Øysteinsson Lurås, (178220. oktober 1843) var ein vidgjeten spelemann frå Tinn i Telemark. Han var den førande tradisjonsberaren på Hardingfele i dei traktene før Myllarguten og Håvard Gibøen. Han var lærar for dei båe.

Knut Øysteinsson Lurås
Fødd1782
FødestadTinn kommune
Død1843 (61 år)
DødsstadKongsberg kommune
OpphavNoreg
Instrumentfiolin, fele
Verka somfelespelar

Knut var son av folkeføraren og bygdehovdingen Øystein Ingusland, som hadde vore bandsmann og ven av Kristian Lofthus. Han og brørne hans, Øystein og Tomas, dreiv og med rosemåling og for vidt land og strand. Knut Lurås var visstnok den første i Telemark som var over til Vestlandet og henta spel, mellom anna frå Nils Rekve.

Rikard Berge meinte at Luråsen var den første som freista å hevja bygdemusikken opp på eit nasjnalt nivå, og auka den kunstnarlege mona i slåttespelet. Han var i mange bygder og møtte spelemenn, og la etter seg mykje påverknad i Valdres, gjennom møte med spelemannen Jørn Hilme.

Dei første vandreslåttane kan ha kome til Telemark gjennom Knut. Han skal mellom anna ha ført springaren Nordfjordingen til Telemark. Elles er det gangar-spelet han er best hugsa for, og det finst ei rekkje gangarar som ber namnet hans, for det meste i 6/8-takt. Knut bytte og mykje slåttar med numedølen Pål Løytnantsdreng.

Knut Lurås var elles kjend som ein hard kritikar og kjeftause. Det var ikkje støtt greitt å leva med dei råkande replikkane han gav frå seg. Dette kan vera ei årsak til at han miste livet i eit slagsmål på Kongsberg i 1843, og er gravlagd under skytterbanen der.

Kjelder endre

  • Kyrkjebok for Atrå sokn i Tinn, 1815-53.