Knut Vartdal d.y.

norsk politikar
For grunnleggaren av Vartdal Fiskeriselskap, sjå Knut Vartdal.

Knut Vartdal d.y. (fødd 1. oktober 1940 i Vartdal i noverand Ørsta kommune) er ein norsk siviløkonom og tidlegare fiskeridirektør.

Knut Vartdal d.y.
Fødd1. oktober 1940 (84 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar
FarJohannes Vartdal
BarnBirgitte Ringstad Vartdal
Alle verv

Liv og virke

endre

Vartdal er utdanna siviløkonom fra NHH i 1966 og arbeidde deretter som vitskapleg assistent ved Norges Handelshøyskole (NHH) og som salsstyresekretær i Noregs Sildesalslag. Frå 1968 til 1971 var han statssekretær i Fiskeridepartementet i Regjeringa Borten under fiskeriminister Einar Moxnes. I oktober 1972 vart han direktør i Norges Fiskeriforskningsråd, men alt 4. november same året vart han på nytt statssekretær i Fiskeridepartementet under fiskeriminister Trygve Olsen i Korvald-regjeringa.

Fra 1973 til 1977 var han vararepresentant på Stortinget for Senterpartiet frå Møre og Romsdal. Han var fiskeridirektør fra oktober 1973 til oktober 1978. Deretter var han dagleg leiar av Vartdal Fiskeriselskap AS og flytta attende til Ålesund.

Vartdal har hatt ei rekkje verv i fiskeriorganisasjonar, som Noregs Sildesalslag og Fiskebåtredernes Forbund. Han har og vore direktør i Akers Managment Teams fiskeriprosjekt i Ghana.

Fiskeripioneren Knut Vartdal var farfar hans.

Kjelder

endre