Koordinatar: 59°12′49″N 10°8′26″E

Kodal er ein tettstad, ei bygd og eit kyrkjesokn i Sandefjord kommune i Vestfold og Telemark. Tettstaden har 1 004 innbyggjarar per 1. januar 2017 og ligg elleve kilometers køyring sør for tettstaden Andebu.

Kodal
stad
Land  Noreg
Fylke Vestfold og Telemark
Kommune Sandefjord
Areal 0,62 km²
Folketal 1 004 (2017)
Folketettleik 1 619 / km²
Postnummer 3243 KODAL
Kart
Kodal
59°12′49″ N 10°8′26″ E
Wikimedia Commons: Kodal

Høyjord, Kodal og Andebu utgjorde tidlegare Andebu kommune, som 1. januar 2017 blei slått saman med Stokke og Sandefjord kommunar.

Her ligg barneskulen Kodal skole, og staden har daglegvarebutikk, bensinstasjon, barnehage og idrettsanlegg. Kodal kyrkje frå kring år 1100, ligg på Prestebøen 2,5 km nordvest for sentrum i tettstaden.

Geologi Endra

Ved Kodal finst ein større jern- og fosforførekomst. Han har oppstått i tilknyting til nefelinsyenittar i Oslofeltet og består av ein fosfatrik bergart med mykje av dei jern- og titanrike minerala ilmenitt og ilmenomagnetitt. Bergarten, som er ein alkalipyroksenitt, er tidlegare vorte kalla jacupirangitt. Malmressursane er rekna til å vere 100 millionar tonn.

Sjå òg Endra

Kjelder Endra

  Denne geografiartikkelen som har med Vestfold og Telemark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.