Kongsberg–Bamblefeltet

Kongsberg–Bamblefeltet er eit kompleks av sterkt omdanna grunnfjellsbergartar langs sørlandskysten frå Kristiansand til Langesund, og langs vestsida av Oslofeltet til Randsfjorden. Feltet består særleg av bandgneisar og amfibolittar, men òg kvartsittar, kalksteinar og yngre granittar. Det er jernførekomstar ved Arendal i Arendalsfeltet, nikkel ved Flåt, som vert vunnen ut i Flåt nikkelgruver, apatitt i Bamble ved Bamblefeltet og kobolt i Modum som vart nytta i Modum Blåfarveværk. SølvførekomstaneKongsberg som vart vunne ut i Kongsberg Sølvverk ligg i Kongsberg–Bamblefeltet, men er av yngre opphav.

Kjelder

endre