Kornerupin er eit relativt sjeldan mineral, som oftast med gulgrøn til mørkegrøn farge. Finst i visse metamorfe bergartar.

Kornerupin

Generelt
KategoriSorosilikat
Kjemisk formel(Mg,Fe2+)4(Al,Fe3+)6(SiO4,BO4)5(O,OH)2
Strunz-klassifisering09.BJ.50
VIII/B.31-10 (8 ed)
Dana-klassifisering58.01.01.01
KrystallsymmetriOrtorombisk dipyramidal
H-M-symbol: (2/m 2/m 2/m)
Romgruppe: C mcm
Einingscellea = 15.99 Å, b = 13.7 Å, c = 6.7 Å; Z=4
Identifikasjon
Fargefargelaus, kvit, grå, grønaktig, blåaktig, brun, svart
Krystallformprismatisk krystallar, strålande, massiv, trådaktig
KrystallsystemOrtorombisk
Kløyvgod på {110}
Mohs hardleiksskala6 til 7
Glansglasaktig
StrekfargeKvit
TransparensGjennomsiktig til gjennomskineleg og ugjennomsiktig
Spesifikk vekt3.29 - 3.35
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa (-)
Brytingsindeksnα = 1.660 - 1.671 nβ = 1.673 - 1.683 nγ = 1.674 - 1.684
Dobbeltbrytingδ = 0.014
PleokroismeX = fargelaus til grøn; Y = fargelaus, bleik brungul, bleik gulaktig grøn; Z = bleik brungrøn, grøn, lys ravgul
2V-vinkelMålt: 3° til 48°
Kjelder[1][2][3]

Edelsteinskvalitet er kjent frå Madagaskar. Det er kjemisk eit hydroksylhaldig borosilikat av magnesium og aluminium, Mg4(Al,Fe)6(Si,B)4O21(OH), med rombisk symmetri. Kornerupin er ein verdifull edelstein, når han finst i gjennomskineleg grøn- og gulfargar. Den smaragdgrøne varieteten er særskild ettertrakta.

Mineralet vart først skildra i 1884 etter ein førekomst i Fiskernæs sørvest på Grønland. Han vart kalla etter den danske geologen Andreas Nikolaus Kornerup (1857–1883).[2]

I Noreg er det funne i Bamble-traktene og på Modum.

Kjelder

endre