Kristin Størmer Steira

(Omdirigert frå Kristin Steira)

Kristin Størmer Steira (fødd 30. april 1981) er ein norsk langrennsløpar fødd i Rana. Ho markerte seg for fyrste gong i internasjonal samanheng i sesongen 2002/03, med fleire plasseringar blant dei 10 beste i verdscupen.

Kristin Størmer Steira


Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. april 1981 (43 år)
Mo i Rana
Idrett langrenn, friidrett
Tok del i Vinter-OL 2006, Langrenn under Vinter-OL 2010 – 4 x 5 kilometer stafett kvinner, Langrenn under Vinter-OL 2014 – 30 kilometer fristil kvinner, Ski-VM 2003, Ski-VM 2005, Ski-VM 2007, Ski-VM 2009, Ski-VM 2011, Ski-VM 2013
Utmerkingar Egebergs Ærespris

Det store gjennombrotet kom i sesongen 2004/05. Ho tok sin fyrste siger i verdscupen (dobbel jaktstart i italienske Pragelato), bronsemedalje på same distansen og stafettgull i ski-VM.

Kristin Størmer Steira er oppvaksen i Tana, men bur no i Drøbak.

Under dei olympiske leikane i Torino 2006 fekk Steira fjerdeplass på dobbel jaktstart, 10 km klassisk og 30 km fellesstart, og reiste heim frå Torino utan medalje.

Merittar

endre

Ski-VM

Verdscupen

  • 2 sigrar
  • 2 andreplassar
  • 1 tredjeplass

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

endre

Bakgrunnsstoff

endre