Léros (gresk Λέρος, italiensk Lèro) er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet. Ho ligg 317 km frå Pireus, hamna til Aten. Frå her kan ein ta ferje i 11 timar for å kome til øya. Øya har ei flatevidd på 53 km² og ei kystlinje på 71 km.

Léros
Lokalt namn Λέρος
Landsbyen Pandéli på Léros
Landsbyen Pandéli på Léros
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 37°09′N 26°51′E / 37.150°N 26.850°E / 37.150; 26.850
Øygruppe Dodekanesane

Areal 74,17 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Kálymnos
Største busetnad Ajía Marína (2 372 innb.)

Demografi
Folketal 7 917 (2011[1])
Folketettleik 106,7 /km²

Léros er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Kálymnos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2] Kálymnos er hovudstad i periferieininga.

Om lag 8 500 innbyggjarar bur fast på øya, men i høgsesongen om sommaren kan talet stige til over 15 000. Øya er kjend for mellomalderfestningen til Maltesarordenen, som sannsynlegvis vart bygd over ein austromersk festning.

I nærleiken ligg øyane Pátmos, Lipsí, Kálymnos, den litle øya Ajía Kyriakí og Farmakonísi.

Historie endre

Antikken endre

Under peloponnesarkrigen (431 fvt.404 fvt.) støtta Léros det demokratiske Aten. Etter krigen kom Léros under Sparta sitt styre. Frå her fylgde ho skjebnen til resten av Dodekanseane, og kom inn under Aleksander den store og etterfølgjarane hans, så Romarriket og Austromarriket. På øya Farmakonísi aust for Léros, og eit par kilometer frå Didyma på den tyrkiske kysten, vart Julius Cæsar halde som gissel av lokale sjørøvarar i førti dagar.

Mellomalderen og den osmanske perioden endre

Under perioden med Austromarriket vart øya innlemma i Thema av Sámos. På 1200-talet vart øya okkupert av genuesarar og så av venetianarar. I år 1309 tok riddarar frå Maltesarordenen frå Ródos øya og bygde festningsverk. I 1505 omleira den osmanske admiral Kemal Reis øya med tre galleonar og sytten andre krigsskip, men klarte ikkje å erobre ho. Det same skjedde i 1508 med fleire skip, men igjen klarte ikkje tyrkarane ta øya. I følgje segna skal øya ha vorte redda av den einaste overlevande riddaren, som kledde kvinner og born med rustningane til dei døde riddarane, og overbeviste osmanarane om at garnisonen på Léros framleis stod sterkt. Til slutt, 24. desember 1522 etter omleiringa av Ródos, vart det signert ein av tale mellom Sultan Suleiman og stormeisteren av riddarane Philippe Villiers de L'Isle-Adam, og Léros, i lag med dei andre eigedomane til ordenen, vart ein del av Det osmanske riket.

Under den osmanske okkupasjonen fekk Léros, i lag med dei andre øyane, fleire privilegium, som delvis sjølvstyre. Under den greske revolusjonen i 1821 vart øya frigjeve og ein viktig base for den greske marinen. Administrativt var øya under styret til den midlertidige komiteen for Dei austlege Sporadane.

Etter Londontraktaten, 3. februar 1830, som avgjorde grensene til den nyoppretta greske staten, var øyane i Dei austlege Sporande gjeve tilbake til Tyrkia.

Den italienske perioden endre

I 1912, under den tyrkisk-italienske krigen okkuperte Italia heile Dodekanesane (bortsett frå Kastellórizo).

Frå 1916 til 1918 nytta britane Léros som marinebase. I Venizelos-Tittoni-avtalen frå 1919 skulle øyane returnerast til Hellas, i lag med resten av Dodekanesane utanom Ródos, men etter at Hellas tapte den gresk tyrkiske krigen i 1919-1922 kansellerte italienerane avtalen. Som følgje av dette stadfestad Lausannetraktaten at Léros og Dodekanesane skulle verte verande italiensk.

Det nye facistiske Italia prøvde å «italianisere» Dodekanesane med å innføre obligatorisk italiensk undervising på skulane og slå ned på greske institusjonar. I 1930-åra bygde italienarane den nye byen Portolago, som er eit av dei beste døma på italiensk rasjonalistisk arkitektur. Grekarane kalla seinare byen Lákki.

I løpet av dei 31 åra som italienarane var på Léros hadde dei store planar om å byggje festningsverk på øya, sida ho hadde ein strategisk posisjon med store naturlege hamner. Den største er ved Lákki, som er den største djupvasshamna i Middelhavet. Dette gjorde øya til ein ideel marinebase. Mussolini såg på Léros som ein avgjerande base for italiensk dominans i dei austlege områda av Egearhavet, og bygde ein herregard til seg sjølv i Portolago.

Den andre verdskrigen endre

Frå 1940, då Italia gjekk inn i den andre verdskrigenNazi-Tyskland si side, vart Léros bomba av britiske Royal Air Force. Etter september 1943 kunne ikkje Italia lenger halde fram krigen på tysk side og signerte ein våpensstillstand som tok dei over til den allierte sida. Britiske styrkar inntok så Léros og andre øyar i Dodekanesane, og øya vart så bomba av tyskarane. Eit av dei største åtaka var mot den greske marinen sitt flaggskip, «Vasilissa Olga», som tyskarane sokk 26. september 1943 i lag med HMS «Intrepid», medan dei låg til kai i Portolago. Léros vart til slutt erobra av tyske troppar under operasjon Taifun mellom 12.-16. november 1943. Øya vart verande under tysk okkupasjon til slutten av krigen.

Etterkrigstida endre

Etter tyskarane evakuerte frå øya kom ho under britisk administrasjon fram til 7. mars 1948, då ho i lag med resten av Dodekanesane vart ein del av Hellas igjen.

Byar og tettstader endre

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Folketal 2011[1]
Ajía Marína 2 372
Lakkí 2 058
Álinda 748
Kamára 643
Xirókambos 514

Dei andre busetnadene på øya er:

  • Teménia (399)
  • Drymónas (284)
  • Goúrna (282)
  • Plákes (253)
  • Kókkali (182)
  • Parthéni (172)

Småøyar i kommunen:

  • Farmakonísi (10)
  • Arkhángelos (0)
  • Velóna (0)
  • Gláros (0)
  • Kínaros (0)
  • Lévitha (0)
  • Mávra (0)
  • Megálo Livádi (0)
  • Piganoússa (0)
  • Pláka (0)
  • Strongylí (0)
  • Trypití (0)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre