LXDE (forkorting for engelsk Lightweight X11 Desktop Environment, ‘lettvektigX11-skrivebordsmiljø’) er eit fritt skrivebordsmiljø med relativt låge systemkrav. Dette gjer det spesielt godt eigna for ressurssvake datamaskiner som til dømes nett-PC-ar eller eldre maskinar.[2]

LXDE


SkaparHong Jen Yee ("PCMan")
Utgjeve2006
Nyaste versjon0.10.1 (25. februar 2021)[1]
OperativsystemUnix-variant
Skriven iC
Sjangerskrivebordsmiljø
LisensGPL 2.0+
Nettstadhttp://www.lxde.org/

Oversyn

endre

LXDE er skrive i programmeringspråket C, med GTK+ 2 som widgetverktøy. Det køyrer på UNIX og andre POSIX-kompatible plattformer, som Linux og BSD. Målet med programmet er å lage eit skrivebordsmiljø som er raskt og energieffektivt.[3][4] LXDE er standard skrivebordsmiljø på Knoppix, Lubuntu, LXLE, Peppermint Linux OS og Rasbian, men andre distribusjonar tilbyr òg LXDE.

LXDE nytta rullerande utgjeving på individuelle komponentar (eller grupper av komponentar).[5] Standard vindaugehandsamar er Openbox men LDXE kan òg konfigurerast til å nytt Fluxbox, IceWM og Xfwm.[6] LXDE har kjeldekode lisensiert i både GPL og LGPL.[3]

Historie

endre

Prosjektet vart starta i 2006 av den taiwanske programmeraren Hong Jen Yee, som òg var kjent som PCMan då han publiserte filutforskaren PCManFM, den fyrste modulen i LXDE. Unøgd med GTK+ 3,[7] bestemte Hong Jen Yee for å eksperimentere med  Qt tidleg i 2013[8] og lanserte den fyrste versjonen av ein Qt-basert PCManFM 26. mars 2016.[7] Den 3. juli 2013 annonserte Hong Jen Yee annonserte ein Qt-port av heile LXDE.[9] "21 Juli 2013 slo Razor-qt and LXDE seg saman til eit prosjekt LXQt.

Mange distribusjonar har byrja å tilby LXDE-baserte utgåver, noko som bidrar til det relativt nye skrivebordsmiljøet sin popularitet [10].

LXDE sine programvarekomponentar

endre

Ulikt andre skrivebordsmiljø som GNOME og KDE, har LXDE sine standardprogram få avhengigheitar og er ikkje tett integrert.[11] Dei kan istaden bli installert uavhengig av LXDE.[12]

Program Beskriving Notat
PCMan File Manager Filutforskar
LXInput Mus og tastatur konfigurering
LXLauncher Enkel programstartar
LXPanel Skrivebordspanel
LXAppearance GTK+ Temahandsamar
GPicView Biletsynar
LXMusic Grafisk brukargrensesnitt for XMMS2 medisapelaren
LXTerminal Terminalemulator
LXTask Oppgåvehandsamar
LXRandR Grafisk Brukargrensesnitt til RandR
LXDM X display manager
SDDM  Skjermhandsamar som støttar både X11 og Wayland. Ikkje laga av LXDE-prosjektet
Leafpad Teksteditor Ikkje laga av LXDE-prosjektet
Openbox (Fluxbox, IceWM og Xfwm støtta) Vindaugehandsamar Ikkje laga av LXDE-prosjektet
ObConf Grafisk verktøy for å konfigurere Openbox Ikkje laga av LXDE-prosjektet
Xarchiver Filarkivlagar
Ikkje laga av LXDE-prosjektet

Galleri

endre

Sjå òg

endre

Referansar

endre
  1. «LXPanel 0.10.1 released.». 25. februar 2021. Henta 3. juni 2023. 
  2. Christopher Smart (9. september 2009). «Lubuntu: Floats Like a Butterfly, Stings Like a Bee». Linux Magazine. Arkivert frå originalen 27. juni 2010. Henta 10. september 2009. 
  3. 3,0 3,1 LXDE Team. «LXDE». Henta 26. oktober 2008. 
  4. LXDE Team. «About LXDE». Arkivert frå originalen 14. oktober 2008. Henta 1. november 2008. 
  5. «Description of current release process». Article.gmane.org. Henta 19. mai 2014. 
  6. «LXDE». Arkivert frå originalen 20. januar 2016. Henta 12. januar 2016. 
  7. 7,0 7,1 «PCManFM Qt 0.1.0 released». LXDE Blog. 27. mars 2013. Henta 4. mai 2013. 
  8. «PCManFM file manager is ported to Qt?». LXDE Blog. 19. februar 2013. Henta 4. mai 2013. 
  9. «LXDE - LXDE-Qt Preview». Blog.lxde.org. 3. juli 2013. Henta 27. mars 2014. 
  10. Bodnar, Ladislav (Januar 2011), DistroWatch Page Hit Ranking statistics in 2009 and 2010, henta 4. januar 2011 
  11. Łukasz Bigo. «LXDE - lekka alternatywa do GNOME». Henta 8. august 2008. 
  12. «About LXDE». Lxde.sourceforge.net. Henta 19. mai 2014. 

Bakgrunnsstoff

endre