Teksteditor
Ein teksteditor, eller tekstredigeringsprogram, blir nytta til å arbeide med reine tekstfiler. Enkle redigeringsprogram følgjer med dei aller fleste operativsystema, men det finst også spesialiserte program utvikla med tanke på systemadministrasjon og redigering av kjeldekode.[1]
Redigering av rein tekst
endreEin teksteditor skil seg frå ein teksthandsamar på den måten at den berre blir nytta til å lage, endre og lagre reine tekstfiler med ulike teiknsett.
Teksteditorane kan ikkje lagre filer med skjult formatering, slik kontorstøtteprogram og publiseringsverktøy gjer. Funksjonar som sideoppsett og biletbruk finst ikkje, ikkje eingong enkel formatering som utheving og kursiv. Desse programma er difor ueigna til å lage dokument og publikasjonar i. For systemadministratorar, programmerarar og nettstadutviklarar er dei likevel eit grunnleggjande og naudsynt verktøy på grunn av dei spesialiserte funksjonane for tekst.
Bakgrunn
endreDei første teksteditorane, mellom dei edlin som følgde med MS-DOS, kunne minne om skrivemaskiner, sidan dei berre arbeidde med ei og ei linje i slengen. Mange av dei tidlege linjeeditorane kunne sletta eller setta inn einskilde linjer, eller heile blokker, med tekst. Dei kunne òg flytta ei linje, eller ei tekstblokk, til ein annan plass i dokumentet.
Etter kvart blei det utvikla program som kunne nytte heile skjermen, og på den måten let brukaren sjå større delar av ei fil i samanheng. MS-DOS Editor (edit) og vi for Unix var utbreidde program, som nytta kommandoar og tastatursnarvegar for å endre på og navigere i teksten.
Moderne teksteditorar har menyar og verktøyknappar slik som andre dataprogram med grafiske grensesnitt. Musa har teke over for piltastane, sjølv om navigering ved hjelp av tastaturet framleis er mykje brukt og godt støtta. UltraEdit, BBEdit og Kate høyrer til siste generasjonen teksteditorar.
Typar og funksjonar
endreDei enklaste teksteditorane er gjerne operativsystema sine. Dei kan berre lage, lagre, skrive ut, klippe og lime tekst. Eit typisk døme er Windows Notisblokk. Slike program er svært raske sett i høve til teksthandsamarane.
Profesjonelle redigeringsprogram kan vere frittståande eller kjerne i integrerte utviklarmiljø (IDE). Dei er langt kraftigare verktøy for dei som skal redigere kjeldekode-, (X)HTML- og konfigurasjonsfiler. Vanlege funksjonar er:
- Støtte for ulike teiknsett/format, som ANSI/ASCII og Unicode.
- Støtte for ulike programmeringsspråk.
- Støtte for nettverk, tenarar og Internett-protokollar.
- Støtte for prosjekt.
- Støtte for filer som er for store til å få plass i datamaskinminnet.
- Bruk av teiknmønster (regulære uttrykk).
- Kraftige søk- og teksterstatningsverktøy.
- Mellomlagring av endringar (angre og gjer om).
- Mellomlagring av fleire utklipp.
- Autofullføring av nøkkelord programmeringsspråka nyttar med meir.
- Syntaksmerking: Funksjonar, namn og nøkkelord blir gjerne utheva i ulike fargar.
- Enkle metodar for å vise/skjule kodeblokker og å lage bokmerke i kjeldekoden.
- Makroar.
- Tekst- og filsamanlikning.
- Spesialiserte programtillegg.
- Integrasjon med verktøy som validatorar, kompilatorar og debuggarar, filtrering.
- Redigering av binærfiler.
- Stavekontroll.
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «The Best Free Text Editors for Windows, Linux, and Mac». 28. april 2012. «Every operating system comes with a default, basic text editor, but most of us install our own enhanced text editors to get more features.»