Lili Boulanger

fransk komponist

Marie-Juliette Olga «Lili» Boulanger (21. august 189315. mars 1918) var ein fransk komponist og dirigent.

Lili Boulanger

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 21. august 1893
Paris
Død

15. mars 1918 (24 år)
Mézy-sur-Seine, Méry-sur-Seine

Yrke komponist
Språk fransk
Far Ernest Boulanger
Lili Boulanger på Commons
Lili Boulanger

Liv og virke endre

Lili Boulanger vart fødd inn i ein musikarfamilie i i Paris. Mora Raissa Mychetsky (1858–1935) var songar, faren Ernest Boulanger (1815–1900) komponist og systera, Nadia, var musikkpedagog og dirigent. I den opneheimen til familien fekk borna godt høve til å bli kjend med samtidige skodespelarar, musikarar, forfattarar og kunstnarar. Nokre av dei nære venene til Boulanger var mellom anna Charles Gounod, Jules Massenet og Camille Saint-Saëns.

Trass i at ho hadde kronisk lungebetennelse og crohns sjukdom fekk Lili Boulanger tidleg orgel-, klaver-, cello-, fiolin- og harpeundervising. Frå 1900 komponerte ho eigne verk, som ho på grunn av ein sterk sjølvkritisk sans fornekta.

Seksten år gammal bestemte Lili Boulanger seg for å verta komponist og vinne Prix de Rome slik faren Ernest hadde gjort. Dette målet forfølgde ho målmedvite sjølv om sjukdomen tvinga ho til å ta fleire pausar frå arbeidet. Ho studerte komposisjon, harmonilære og kontrapunkt hos Paul Vidal og Georges Caussade, og følgde førelesingar ved konservatoriet i Paris. Allereie i 1912 skreiv ho den godt mottekne vokalkvartetten Renouveau.

Etter berre eitt års intensivt studium deltok ho i Grand Prix de Rome med kantaten Faust et Hélène for tenor, baryton, mezzosopran og orkester, og som første kvinne i historia vann ho konkurransen. Prisen var eit opphald på Villa Medici i Roma og eit stipend. Ho skreiv òg ei forlagsavtale med Ricordi som sikra ho ei årleg inntekt. Frå no av vart verka hennar oppført offentleg. Då den fyrste verdskrigen braut ut, vende ho attende til Paris og dreiv veldedigheitsarbeid saman med systera Nadia.

I 1916 vart forfattaren Maurice Maeterlinck med på operaprosjektet La Princesse Maleine som Lili Boulanger hadde planlagt sidan 1912, men aukande helseproblem og Lilis tidlege død gjorde at operaen vart verande ufullendt.

Boulanger døydde i Mézy-sur-Seine (Yvelines) ved Paris. Ho vart gravlagt på Cimetière de Montmartre.

Verk i utval endre

Vokalmusikk endre

  • Renouveau (Silvestre) for kor og orkester (1911)
  • Les Sirènes (Grandmougin) for mezzosopran, kor og klaver (1911)
  • Reflets (Maeterlinck) for songstemme og klaver (1911)
  • Sous-bois (Gille) for kor og orkester (1911)
  • Frédégonde (Ch. Morel), kantate for 3 stemmer og orkester (1911)
  • Attente (Maeterlinck) for sangstemme og klaver/orkester (1912)
  • Hymne au soleil (Delavigne) for alt, kor og klaver (1912), rekonstruksjon av orkesterversjonen, ved Oliver Korte (2003)
  • Le Retour (Delaquys) for songstemme og klaver (1912)
  • La Source (Lisle) for kor og orkester (1912)
  • Soir sur la pleine (Samain) for sopran, kor og klaver (1913)
  • Faust et Hélène (Adenis), kantate for tenor, baryton, mezzosopran og orkester (1913)
  • Clarières dans le ciel (Jammes) for songstemme og orkester (1914)
  • Psaume 24 for kor, orgel og orkester (1916)
  • Psaume 129 for baryton og orkester (1916)
  • Dans l'immense tristesse (de Calone) for songtemme og klaver (1916)
  • Psaume 130 for sangstemme, kor, orgel og orkester (1917)
  • Vieille Prière bouddhique for tenor, kor og orkester (1917)
  • Pie Jesus for sangstemme, strykekvartett harpe, orgel og orkester (1918)

Instrumentalmusikk endre

  • Nocturne for fiolin, fløyte og klaver (1911)
  • Fugue (1912)
  • Fugue (1913)
  • D'un jardin clair for klavier (1914), omarbeidd for orkester av Oliver Korte (1999)
  • D'un vieux jardin für Klavier (1914), omarbeidd for orkester av Oliver Korte (1999)
  • Cortège for fiolin eller fløyte og klaver (1914), omarbeidd for orkester av Oliver Korte (1999)
  • Thème et variations for klaver (1914)
  • D'un matin de printemps for fiolin eller fløyte og klaver, eller for orkester (1918)
  • D'un soir triste for cello og klaver, for trio eller orkester (1918)

Kjelder endre

Litteratur endre

  • Lili Boulanger zum 100. Geburtstag. Katalog der Bremer Lili Boulanger-Tage, 19.–22. August 1993. ISBN 3-924588-24-4
  • Nicole Capgras: Lili Boulanger, i: Die Musik in Geschichte und Gegenwart, Allgemeine Enzyklopädie der Musik, Sachteil und Personenteil in 28 Bänden, Personenteil: Bj-Cal, utgitt av Ludwig Finscher, Kassel und Stuttgart: Bärenreiter und J. B. Metzler, 2000, S. 527ff.
  • Eva Weissweiler: Komponistinnen aus 500 Jahren – Eine Kultur- und Wirkungsgeschichte in Biographien und Werkbeispielen, Frankfurt am Main: Fischer Taschenbuch Verlag, 1981. ISBN 3-596-23714-9

Bakgrunnsstoff endre

i