Litomyšl
Litomyšl (tysk Leitomischl) er ein by og ein kommune i regionen Pardubice i Tsjekkia. Litomyšl ligg aust i Böhmen og tok form på 1200-talet der det tidlegare hadde vore ein festningsbusetnad langs Trstenice-vegen – ei viktig handelsrute mellom Böhmen og Mähren.
Litomyšl | |||||
---|---|---|---|---|---|
Marknadsplassen | |||||
| |||||
Styresmakter | |||||
Land Kraj |
Tsjekkia Pardubice | ||||
Første nemnd i | 981 | ||||
Borgarmeister | Michal Kortyš | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 33,450738 km² | ||||
Flatevidd - By |
33,45 km² | ||||
Innbyggjarar - By (1.1.2015) - folketettleik |
10 077 301/km² | ||||
Koordinatar | 49°52′N 16°19′E / 49.867°N 16.317°E | ||||
Høgd over havet | 330 m | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
UTC+01:00, UTC+2 (UTC) UTC+2 (UTC) | ||||
Diverse anna | |||||
Postnummer | 030 92 - 570 01 | ||||
Heimeside: https://www.litomysl.cz/ | |||||
Nettstad: www.litomysl.cz | |||||
Plassering | |||||
Litomyšl er kanskje mest kjend for det monumentale renessanseslottet oppført i åra 1568-1581. Bygningane på slottsområdet er eksepsjonelle på grunn av deira arkitektoniske prakt. Samstundes var dei òg fødestaden til den tsjekkiske komponisten Bedřich Smetana. På den utstrekte plassen, ein av dei lengste i Tsjekkia, finst eit rådhus oppført i gotisk arkitektur og ei rekkje hus i renessanse- og barokk stil. Mange av desse har vakre arkadar og kvelva rom på gateplan. Eitt av dei viktigaste husa er U Rytířů med sine flotte fasadar.
Historisk har byen òg vore kjend som eit viktig religiøst senter. Det var i Litomyšl i 1344 at det andre bispedømet i Böhmen vart oppretta, sjølv om dette enda i løpet av hussitarkrigane. På 1800-talet spelte Litomyšl grammatikkskule ei viktig rolle.
Dei kulturelle tradisjonane i byen strekkjer seg langt utover dei regionale og nasjonale grensene. Det praktfulle interiøret i slottet, særleg det barokke slottsteateret, amfiteateret i slottsparken og huset til Smetana tilbyr alle varierte konsertprogram og teateroppføringar. I 1994 møtte dei sju sentraleuropeiske presidentane kvarandre i slottet. Slottet vart innskrive på verdsarvlista til UNESCO i 1999.
Kjende personar med tilknyting til Litomyšl
endreLitomyšl er fødebyen til komponisten Bedřich Smetana (1824-1884), kritikaren og litteraturhistorikaren Arne Novák og litteraturkritikaren Hubert Gordon Schauer/
Magdalena Dobromila Rettigova - forfattar av den første tsjekkiskspråklege kokeboka - budde her frå 1834 til ho døydde i 1845.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Litomyšl» frå Wikipedia på bokmål, den 17. november 2008.