Livets dans i Nasjonalmuseet
Livets dans. Samlinga frå antikken til 1950 er basisutstillinga til Nasjonalgalleriet frå 29. april 2011 til 31. desember 2014.[1] Dei fire hovudmotiva i utstillinga er I.C. Dahl og romantikken, Christian Krohg og realismen, dei kjende verka til Edvard Munch og det norske stemningsmåleriet rundt 1900.[2]
Lanseringa av ei ny basisutstilling «Alle snakker om museet» i februar 2005 vekte reaksjonar, men førte òg til auka tilstrøyming.[3] Det mest omtala var at ein splitta opp «Munch-rommet», og synte bileta til Munch saman med andre samtidige målarar. Ein erstatta eit kronologisk prinsipp med eit tematisk. Basisutstillinga vart revidert i 2011, og i den gjeldande basisutstillinga Livets dans. Samlinga frå antikken til 1950 er Munchrommet og eit kronologisk prinsipp innført att.[4] Den nye basissamlinga har vore omtala som «en kortversjon av verdens kunsthistorie fremfor å speile museets egen samling»[5]
I Kunstkritikk skriv Ingvild Krogvik at Livets dans er den beste samlingsutstillinga Nasjonalgalleriet har laga i nyare tid.[1]
Basisutstillinga
endreI tillegg til måleria på veggane inneheld fleire av salane ein skuffeseksjon med eit utval av grafikk og teikningar til same tema/periode.
Trappa
endreI trappa heng Christian Krohg-måleria «Albertine i politilegens venteværelse» 1885-87, «Leif Erikson oppdager Amerika», 1893 og «Kampen for tilværelsen», 1888-89. I tillegg står Charles Despiau si portrettbyste av Jens Thiis, frå 1933–35 her.
A. Gresk kunst i antikken, «Gudar»
endreI denne delen finn ein mellom anna Torso av gud, f. eks. Apollon, Asklepios, Typus Museo Nuovo, torso, Isisprestinne/kvinnelig farao torso, Persefone/Kora, Typus Urania Uffizi av Praxiteles Torso, romersk lenos (sarkofag) med eroter, Eros og Psyche (dans), Hermes av Polykleitos, hovud, Archaisk hovud (KIM) og Andrea Locatelli, Bakkantinner og faunar.
B. Romersk kunst i antikken, «Menneske»
endreAv verk stilt ut i dette rommet finn ein skulpturar og/eller bystar av Aristoteles, Pindar, Olympiodoros, Cato, Nero, Trajan, Marcus Aurelius, Geta, Elagabalus og Alexander Severus og ein romersk bornesarkofag med sirkusframstilling. Den nederlandske målaren Jacob van der Ulfts måleri «Ei sjøhamn» heng òg her.
C. Ikonar frå Russland
endreI neste rom er ei samling ikonar frå mellomalderen med «Den heilage biskop Nikolaus», «Dei kongelege dørene», «Maria med barnet», «Jesu fødsel», «Presentasjonen i tempelet», «Transfigurasjonen» og «Kristi Himmelfart».
D. Nordeuropeisk renessanse
endreRenessanserommet inneheld berre seks måleri[1] og her finn ein Lucas Cranach, d.e. med «Gullalderen» frå rundt 1530, Lucas Cranach, d.e. Kopi etter: «Kristus og ekteskapsbryterska», Lucas Cranach, d.e.: «Madonna med barnet» og Lucas Cranach d.y.: «Kvilande kjeldenymfe» frå 1550.
I skuffseksjonen finn ein eit utval av grafikk av Albrecht Dürer.
E. Prosjektrom
endreI prosjektrommet er Adolph Tidemands draktstudiar montert saman med Trine Søndergaards fotografi frå Fanø av kvinner i tradisjonelle hovudplagg.[1]
- Adolph Tidemand: Hallingdalsjente, 1843
- Adolph Tidemand: Elseberg Herrestvedt, 1871
- Adolph Tidemand: Guro Sivertsdatter Travendal, 1874
- Adolph Tidemand: Anna Gulsvig, 1848
- Adolph Tidemand: Gunild Olsdatter fra Tinn, 1848
- Adolph Tidemand: Ingeborg Andersdatter Gulsvig, (1849)
- Adolph Tidemand: Biret Helleggsdotter, Rustan, Flesberg
- Adolph Tidemand: Eli Halvorsdatter Medgaren, 1848
- Adolph Tidemand: Pål Knutsen Enderud, Uvdal og kvinne i numedalsdrakt, 1848
- Adolph Tidemand: Gjertrud Skjønne og Gunhild Torstensdatter Skjønne, 1848
- Adolph Tidemand: Mari Aslaksdatter og Anders How fra Sigdal, 1849
- Adolph Tidemand: Aase Rasmusdatter Stranden og Anna Troelsdatter Kittelsviken, 1849
- Adolph Tidemand: Jente i bunad, Oline, bukken, 1843
- Adolph Tidemand: Kvinne i bunad, 1843
- Adolph Tidemand: Ingeborg Andersdatter Gulsvig som brud, 1849
- Adolph Tidemand: Draktstudier, Valle i Setesdal, 1848
- Adolph Tidemand: Aagot Knutsdatter Mykin og Astrid Knutsdatter Hell, 1849
- Adolph Tidemand: Britta Peersdotter Reisæter, Ullensvang, 1843
- Adolph Tidemand: Kari Helgesen Vasenden, Granvin, 1843
- Adolph Tidemand: (U.t.), 1852
- Adolph Tidemand: (U.t.), 1852
F. Barokkmåleri frå samlinga
endre- Theodor van Baburen: «Kristus som barn i tempelet», 1622
- Artemisia Gentileschi, «Den angrande Maria Magdalena», ca. 1540
- Orazio Gentileschi: «Judith og tenstekvinna med hovudet til Holofernes»
- Jan Davidsz. de Heem, «Stilleben med østers og vinglas»
- Balthasar van der Ast, «Stilleben med frukt»
- Jean Baptiste Monnoyer, «Blomsterstykke»
- Jan van der Heyden: «Den gamle kyrkja i Delft», 1675
- Johan van Kessel den eldre: «Ved Heilige Wegs Poort, Amsterdam»
- Cornelis Vroom, «Skogslandskap», 1625
- Giuseppe Crespi, «Abrahams offer»
- Domenico Maggiotto, «Frukthandlarska»
- Bartholomeus van der Helst, «Mann med rhinskvinglas»
- Anthonis van Dyck: Portrett av Karel van Mallery
- Jan van Ravesteijn, Kvinneportrett, 1625
- Ukjend hollandsk kunstnar: «Portrett av ein feltherre»
I skuffseksjonen finn ein eit utval av grafikk frå barokken, mellom anna verk av Rembrandt, Abraham Bloemaert , Gerard van Honthorst, Allaert van Everdingen, Guercino, Gaspare Diziani, Tommaso Manzuoli, Annibale Carracci, Bartolomeo Passerotti og Carlo Cignani.
G. Langaard-samlinga, rundt 70 verk
endreH. Romantikk I
endre- Gustave Courbet: «På kanten av stupet», 1844-45
- Eugène Delacroix: «Løve som riv i sund ein arabar»
- Eugène Delacroix: «Kristus på Genesarethsjøen»
- Eugène Delacroix: «Pietà»
- Nicolai Abraham Abildgaard: «Julia og Fulvia», 1800
- Nicolai Abraham Abildgaard: «Macbeths draum», 1878
- Jacob Philipp Hackert, «Frå breidda av elva Arques», 1768
I. Romantikk II
endre- I.C. Dahl: «Dresden i måneskinn», studie, 1838
- Caspar David Friedrich: «Greifswald i måneskin», 1817
- Carl Gustav Carus: «Steinaldergrav», 1819-20
- I.C. Dahl: «Fra Bastei», 1819
- I.C. Dahl: «Der Watzmann», 1825
- C.D. Friedrich: «Fjellandskap frå Riesengebirge», ca. 1835
- Carl Gustav Carus: «Keisarborga i Eger», 1824
- Christian Wilhelm Ernst Dietrich: «Landskap med sanddyner», 1753
- Bertel Thorvaldsen: «De tre gratier lyttar til Amors song», 1818
- Knud Baade: «Fra Kunstadademiet i Køpenhavn», 1827/28
- Christoffer Wilhelm Eckersberg: «Københavns Reed Den 1. May 1832, Prins Frederik gaar ombord paa Fregatten Havfruen for at gøre sig en Sejltur»
- I.C. Dahl: «Fra Øresund», 1818
- Christen Købke: «Medaljør F.C. Krohn», 1839
- Constantin Hansen: «Hyrdedreng i tempelet, Paestum», 1854
- Jens Juel: «Fru Elisabeth Sophie Chrystie», 1801
- Jens Juel: «Kjøpmann David Chrystie», 1801
K. Studiar og forarbeid
endreM. Thomas Fearnley og det norske landskapsmåleri etter Dahl
endre- Thomas Fearnley: «Grindelwaldgletscheren», 1838
- Thomas Fearnley: «Grindelwaldgletscheren», 1837
- Thomas Fearnley: «Landskap med vandringsmann», 1830
- Thomas Fearnley: «Labrofossen ved Kongsberg», 1837
- Thomas Fearnley: «Slindebirken», 1839
- Thomas Fearnley: «Brücke über eine Schlucht bei Mondschein»
- Peder Balke: «Fyr på den norske kyst», ca. 1855
- Peder Balke: «Stetind i tåke», 1864
- Lars Hertervig: «Borgøya», 1867
- Lars Hertervig: «Skogtjern», 1865
- Johan Fredrik Eckersberg: «Fra Horgheim i Romsdal», 1857
- Amaldus Nielsen: «"Munkestaava" ved Balestrand», 1865
- August Cappelen: «Foss i nedre Telemark», 1852
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Ingvild Krogvig: Internasjonalgalleriet frå Kunstkritikk
- ↑ Livets dans. Samlingen fra antikken til 1950 frå Nasjonalmuseet
- ↑ Dag Solhjell Nye grep i Nasjonalgalleriet kunstkritikk.no, 7.3.2005
- ↑ nasjonalmuseet.no Livets dans. Samlingen fra antikken til 1950
- ↑ Lotte Sandberg. «En litt anstrengt dans». Aftenposten, 29.4.2011
- ↑ Aagot Noss: Adolph Tidemand og folk han møtte, side 184-186, Universitetsforlaget og Norsk folkemuseum 1981, ISBN 82-00-05712-7
- ↑ Grindelwaldgletscheren frå DigitaltMuseum
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Livets dans (Nasjonalmuseet)» frå Wikipedia på bokmål, den 25. oktober 2012.