Loch of the Lowes
Loch of the Lowes er ein innsjø nær Dunkeld i Perth and Kinross i Skottland. Innsjøen og området rundt har status som dyrereservat, styrt av Scottish Wildlife Trust.
Loch of the Lowes | |||
innsjø | |||
Land | Skottland | ||
---|---|---|---|
Areal | 0,098 km² | ||
Koordinatar | 56°34′40″N 3°33′0″W / 56.57778°N 3.55000°W | ||
Loch of the Lowes 56°34′37″N 3°32′57″W / 56.577°N 3.5491°W | |||
Wikimedia Commons: Loch of the Lowes, Perth and Kinross |
Innsjøen dekkjer 98 hektar og frå tidleg april til seint i august hekkar fiskeørn her. Reiret deira ligg om lag 150 meter frå ein skjult observasjonspost. Dåhjort og rådyr er òg mogeleg å sjå frå gøymestaden, og stundom til og med oter.
Tidleg på vinteren kjem kring 3000 grågjess til innsjøen. I tillegg finn ein kvinand, villands, laksand, brunnakke, krikkand, toppand og toppdykkar, som hekkar nær innsjøen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Loch of the Lowes» frå Wikipedia på engelsk, den 31. august 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- Scottish Wildlife Trust - Loch of the Lowes Arkivert 2008-05-15 ved Wayback Machine.
- Vitjingssenter Arkivert 2010-07-30 ved Wayback Machine.