Lovisa

(Omdirigert frå Loviisa)
For kvinnenamnet, sjå Kvinnenamnet Lovisa.

Lovisa (finsk Loviisa) er ein kommune i landskapet Nyland i Finland. Kommunen har ein folkesetnad på 15 694 og eit areal på 882,45 km². Lovisa grensar til kommunane Borgå, Mörskom, Lappträsk, Kouvola, Kotka og Pyttis.

Lovisa
kommune
Våpenskjold
Land  Finland
Fylke Nyland
Del av Nyland, Lovisa økonomiske region
Areal 882,45 km²
Grunnlagd 1745
Språk finsk, svensk
Kart
Lovisa
60°27′25″N 26°13′30″E / 60.456944444444°N 26.225°E / 60.456944444444; 26.225
Kart som viser Lovisa.
Kart som viser Lovisa.
Kart som viser Lovisa.
Wikimedia Commons: Loviisa

Lovisa er ein tospråkleg kommune med finsk som majoritetsspråk (55 %) og svensk som minoritetsspråk (43 %).

Lovisa vart grunnlagt i 1745 under namnet Degerby, men bytte namn til Lovisa i 1752. Den 1. januar 2010 vart kommunane Liljendal, Pernå og Strömfors slått saman med Lovisa.

Finlands første atomkraftverk ligg på Hästholmen utanfor byen. Den første reaktoreininga, Lovisa 1, vart teken i bruk i 1977, den andre, Lovisa 2, i 1982.

Venskapsbyar

endre
 
Rådhuset frå 1856

Kjelder

endre