Opna hovudmenyen

Mackenzie District er eit distriktSørøyaNew Zealand. Det ligg i regionen Canterbury.

Mackenzie District
Mackenzie District.svg
Urbant område
Folketal: 1 536
Viktigaste by: Fairlie
Distrikt
Namn: Mackenzie District Council
Utstrekning: I aust og nord til Timaru District, mot vest til Westland District, i West Coast og i sør til Waitaki District.
Folketal: 3 804 (Folketeljinga i 2006)
Flatevidd: 7 339,23 km²
Andre busetnadar: Twizel, Cave, Mount Cook Village, Albury, Lake Tekapo, Burkes Pass
Mayor: John O'Neill
Heimeside: http://www.mackenzie.govt.nz/
E-post: info@mackenzie.govt.nz
Regionstyre
Namn: Canterbury Regional Council
Heimeside: http://ecan.govt.nz/pages/home.aspx
For det tidlegare administrative distriktet i Nordvestterritoria i Canada, sjå Distriktet Mackenzie i Canada.

Viktige busetnadarEndra

GeografiEndra

 
Utsyn over Tekaposjøen.
 
Aoraki/Mount Cook ligg i Mackenzie District.

Mackenzie District ligg sentralt på Sørøya, sørvest for Christchurch. Det ligg inntil Søralpane. Her ligg òg det 3754 meter høge fjellet Aoraki/Mount Cook, det høgaste i landet. Fleire brear har påverka landskapet i området betrakteleg. Slik har det oppstått tre innsjøar som nesten ligg parallelt: Lake Tekapo, Lake Pukaki og Lake Ohau. Dei fleste av elvene som renn ut or desse innsjøane munnar ut i Waitaki River.

Sjå elles:

ØkonomiEndra

Distriktet er heller spreidd busett, men har ei rekkje gardsbruk. I den seinare tida (sist på 2000-talet) har det kome fleire framlegg om nye driftsformer for jordbruket, noko som har fått dei lokale innbyggjarane til å ottast at jordbruket vil verta endra frå ofte familiedrivne gardar til store landbruksselskap, og at dette kan føra til auka lokal økologisk skade og føra kapital ut av landet[1].

VêrlagEndra

Mackenzie District har eit turt temperert-kontinentalt klima med klåre, friske og snørike vintrar og lange, varme sumrar. Haustane er kjende for eit sprakande fargespel, medan vårane fører med seg bløming av ville blomar over heile området. Den varme sumartida er mellom november og februar, då kvikksølvet ofte når over 30 °C. I dei kjøligare vintrane, frå juni til september, fell temperaturane under 0 °C om nettene, medan dagtemperaturen på solrike vinterdagar i gjennomsnitt ligg kring 8 °C, og der er regelmessige snøfall[2].

Kjende stadarEndra

FjellEndra

InnsjøarEndra

IsbrearEndra

SkisenterEndra

NasjonalparkarEndra

ReferansarEndra

BakgrunnsstoffEndra