Sideritt
Jernspat eller sideritt er eit gulgrått til brunt mineral som består av jernkarbonat FeCO3. Det krystalliserer trigonalt og tilhøyrer kalsittgruppa. Det forvitrar lett til limonitt. Sideritt inneheld teoretisk 48 % jarn, men då det dannar blandkrystallar med dei tilsvarande magnesium- og mangankarbonat (isomorfi), vil jerngehalten i røynda vere mindre på grunn av substitusjon av desse metalla. Einskilde stader er sideritt ein viktig jernmalm, t.d. i England og Austerrike. Han opptrer i sedimentære bergartar, gjerne saman med skifer og kolfløtsar. Ureine siderittmalmar er leirjernstein og koljernstein. Mineralet finst òg på hydrotermale ertsgangar, ofte i vene krystall.
Sideritt | |||
Sideritt frå Brasil | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Karbonatmineral | ||
Kjemisk formel | FeCO3 | ||
Strunz-klassifisering | 05.AB.05 | ||
Dana-klassifisering | 14.01.01.03 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | bleik gul til gyldenbrun, grå, brun, grøn, raud, svart og stundom nesten fargelaus | ||
Krystallform | Søyleforma krystallar, ofte kurva - botryoidal til massiv | ||
Krystallsystem | Trigonal - Heksagonal ulikesida (3 2/m) | ||
Tvilling | Lamellar er uvanleg på {0112} | ||
Kløyv | perfekt på {0111} | ||
Brot | Ujamn til muslig | ||
Fastleik | Sprø | ||
Mohs hardleiksskala | 3.75 - 4.25 | ||
Glans | glasaktig, kan vere silkeaktig til perleaktig | ||
Strekfarge | Kvit | ||
Transparens | Gjennomskinneleg til subgjennomskineleg | ||
Spesifikk vekt | 3.96 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Einaksa (-) | ||
Brytingsindeks | nω = 1.875 nε = 1.633 | ||
Dobbeltbryting | δ = 0.242 | ||
Dispersjon (spreiing) | Kraftig | ||
Kjelder | [1][2][3] |
I Noreg er mineralet funne i Brevik–Bambletrakten.
Kjelder
endre- Sideritt: jernspat. (2009, 15. februar). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/sideritt%2Fjernspat.
- ↑ http://rruff.geo.arizona.edu/doclib/hom/siderite.pdf Handbook of Mineralogi
- ↑ http://www.mindat.org/min-3647.html Mindat
- ↑ http://www.webmineral.com/data/Siderite.shtml Webmineral data