Roy Bittan

amerikansk komponist

Roy Bittan (fødd 2. juli 1949) er ein amerikansk keyboardspelar frå New York City. Bittan er mest kjend som medlem Bruce Springsteen sitt E Street Band, som han vart med i den 23. august 1974.

Roy Bittan

Bittan føre Four Seasons Hotel i Berlin, 20. oktober 2002
Fødd2. juli 1949 (74 år)
FødestadRockaway Beach i Queens i New York i USA
AliasThe Professor
OpphavUSA
Aktiv1966 til i dag
SjangerRock and roll, R&B, folkrock
Instrumentpiano, klaverinstrument, orgel, trekkspel, synthesizer
Tilknytte artistarBruce Springsteen
E Street Band
Dire Straits
Verka somMusikar, låtskrivar

Bittan har bidrege på ei rekkje album, ikkje berre for Springsteen, men også for artistar som Jon Bon Jovi, David Bowie, Jackson Browne, Tracy Chapman, Chicago, Catie Curtis, Dire Straits, Peter Gabriel, Ian Hunter, Meat Loaf, Stevie Nicks, RVIVR, Bob Seger, Celine Dion, Nelly Furtado, Pattie Smith, Jim Steinman og Bonnie Tyler.[1]

Kjelder endre

  1. Faster Than the Speed of Night (LP liner). Bonnie Tyler. Columbia Records. 1983.