Malå kommun

kommune i Västerbotten len i Sverige

Malå kommune er ein svensk kommune i Västerbottens län i Lappland. Malå kommune grensar til nabokommunane Sorsele, Lycksele, Norsjö og Arvidsjaur. Administrasjonssenteret i kommunen ligg i Malå.

Malå kommun
kommune
Kommunevåpen
Land  Sverige
Len Västerbottens län
Landskap Lappland
Del av Lappland i Sverige, Q61669454
Areal 1 727,48 km²
 - land 1 598,95 km²
 - vatn 128,53 km²
Folketal 3 234[1]  (2011)
Kart
Malå kommun
65°10′0″ N 18°45′0″ E
Wikimedia Commons: Malå Municipality
Samisk tømmergamme ved Koppsele, Malå kommune

Samisk språk endre

Samisk har status som offisielt minoritetsspråk i kommunen[2] og Malå kommune inngår i forvaltningsområdet for samisk språk i Sverige.

Næringsliv endre

Kommunen har store skogsområde, og skogbruk og treindustri er viktige næringar. Òg reindrift vert driven her, og den sørlegaste skogssamebyen i Sverige finst i kommunen.[3]

Malå ligg i eit område med det mest interessante mineralfeltet i Nord-Europa for utvinning av gull, sink og kopar, og gruvedrift er ei viktig næring i kommunen. Sveriges geologiska undersökning har mineralinformasjonskontoret sitt i Malå, som mellom anna har eit borekjernearkiv med 3,5 millionar meter med borekjernar frå heile Sverige.[4]

Tettstader endre

Malå kommune hadde berre ein tettstad i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.

# Tettstad Innbyggjarar
1. Malå 2 089

Mindre tettstader i Malå kommune endre

Kjelder endre

  1. Folketalsstatistik kvartal 3 2011. Statistiska centralbyrån (30. september 2011). Besøkt 7. januar 2012.
  2. Det svenske Språkrådets hjemmesider, om minoritetsspråk
  3. Om Malå Arkivert 2015-12-01 ved Wayback Machine. frå Malå kommunes hjemmesider
  4. Om Malå Arkivert 2015-12-01 ved Wayback Machine. frå Malå kommunes hjemmesider

Bakgrunnsstoff endre

Offisiell heimeside