Rhodokrositt

(Omdirigert frå Manganspat)

Rhodokrositt eller manganspat er eit mineral som vanlegvis har ein ven raud farge i ulike nyansar. Det er eit mangankarbonat, MnCO3, med vekslande mengder jarn og kalsium. Hardleiken er ikkje særleg stor (4–4½), men mineralet blir likevel brukt som smykkestein og til prydgjenstandar pga fargen og dei ulike mønstra som kan opptre i banda materiale. Det beste råmaterialet for slike føremål kjem frå provinsen Catamarca i Argentina. Utsøkte, klåre krystallgrupper finst frå Hotazel nær Kuruman i Sør-Afrika. Denne materialen eignar seg òg til fasettering. Rhodokrosittkrystaller er elles særleg kjent frå Colorado (større funn i 1990-åra), Montana, Mexico, Peru, Romania og Tyskland.

Rhodokrositt

Rhodokrositt frå Sweet Home Mine i Alma i Colorado i USA
Generelt
KategoriKarbonatmineral
Kjemisk formelMnCO3
Strunz-klassifisering05.AB.05
KrystallsymmetriTrigonal heksagonal ulikesida
H-M-symbol: (32/m)
Romgruppe: R3c
Einingscellea = 4.777 Å, c = 15.67 Å; Z=6
Identifikasjon
Molekylvekt114.95 g/mol
Fargerosa, roseraud, kirsebærraud, gul, gulaktig grå, kanelbrun, kan vere banda
KrystallformRhomboeder og ulikesida krystallar; òg vanlegvis blada, skiveforma, stalkittisk, botryoidal, korna eller massiv
KrystallsystemTrigonal
Tvillingpå {1012} som kontakt og lamellert
Kløyvpå {1011} perfekt; deling på {1012}
BrotUjamn, muslig
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala3.5-4
Glansglasaktig til perleaktig
StrekfargeKvit
TransparensGjennomsiktig til gjennomskineleg
Spesifikk vekt3,7
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparEinaksa (-)
Brytingsindeksnω = 1.814 - 1.816 nε = 1.596 - 1.598
Dobbeltbrytingδ = 0.218
Pleokroismesvak
Ultrafiolett fluorescensIngen
Kjelder[1][2][3]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre