Martin Heinrich Klaproth
Martin Heinrich Klaproth (1. desember 1743–1. januar 1817) var ein tysk kjemikar som oppdaga dei tre grunnstoffa uran, zirkonium og titan.
Martin Heinrich Klaproth | |||
| |||
Fødd | 1. desember 1743 Wernigerode | ||
---|---|---|---|
Død | 1. januar 1817 Berlin | ||
Nasjonalitet | Kongedømet Preussen | ||
Område | kjemi, analytisk kjemi, grunnstoff, kjemisk sambinding, titan, Titandioksid, krom, uran, farmasi | ||
Yrke | kjemikar, farmasøyt, universitetslærar, mineralog, vitskapsperson, oppfinnar | ||
Institusjonar | Humboldt-Universität zu Berlin | ||
Barn | Heinrich Julius Klaproth | ||
Medlem | Royal Society Det prøyssiske vitskapsakademiet Akademie gemeinnütziger Wissenschaften Kungliga Vetenskapsakademien Vitskapsakademiet i St. Petersburg |
Klaproth gjorde mykje for å forbetra og systematisera framgangsmåtane innan analytisk kjemi og mineralogi. Gjennom arbeidet sitt både oppdaga og identifiserte han grunnstoffa uran, zirkonium og titan. Han fann òg fram til oppbygginga av fleire samansette stoff, mellom anna dei som inneheldt dei nyleg oppdaga grunnstoffa tellur, strontium, cerium og krom.
Vitskapsmannen som skulle bli leiande innan kjemifaget i Tyskland starta som apotekar. Han var fødd i Wernigerode og hadde først assistentjobbar i apotek i Quedlinburg, Hannover, Berlin og Danzig (Gdańsk) før han slo seg ned i Berlin som styrar av eit apotek i 1771. Etter å ha gifta seg med den velståande Christiane Sophie Lehmann, niesa til apotekaren Andreas Sigismund Marggraf, blei han eigar av Bären-Apotheke i byen i 1780.
Frå 1782 var Klaproth tilsett ved Ober-Collegium Medicum, og fem år seinare blei han førelesar i kjemi for det kongelege prøyssiske artilleriet. Då Humboldt-universitet i Berlin blei grunnlagd i 1810 blei han utnemnd til professor i kjemi.
Martin Klaproth blei ramma av slag første nyttårsdag og døydde i Berlin.
Sonen hans, Heinrich Julius Klaproth, hadde gått mot faren sin vilje og blei ein orientalist og oppdagar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Martin Heinrich Klaproth» frå Wikipedia på engelsk, og «Martin Heinrich Klaproth» frå Wikipedia på tysk den 29. januar 2006.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |