Memelland

(Omdirigert frå Memelområdet)

Memelland (litauisk Klaipėdos kraštas, tysk Memelland eller Memelgebiet; fransk Territoire de Memel) var eit område definert av Versailles-traktaten i 1920 då det kom inn under Ambassadørrådet sin adminstrasjon. Memelland vart i lag med Saar og Danzig underlagt Folkeforbundet sin kontroll og folket i desse regionane kunne stemme for å bli verande ein del av Tyskland eller ikkje i ei folkeavstemming. Bortsett frå i Saar vart ikkje ei slik folkeavstemming halde.

Historisk kart over Memelland og dei nordlege delane av Aust-Preussen.
Det historiske flaget til Memelland frå 1919 til 1924 og de facto fram til 1939.
Memellands frimerker frå 1920 til 1925

Det opphavlege området til skaloviarane og kurarane vart erobra rundt 1252 av Den tyske riddarordenen, som bygde Memelburg og byen Memel (i dag Klaipėda). I 1422 vart det trekt ei grense mellom Preussen og Litauen under Melnotraktaten og denne grensa eksisterte fram til 1918.

Det då dominerande etnisk tyske Memelland (andre etniske grupper var prøyssiske litauarar og memellendingar) i området mellom elva og byen med dette namnet vart okkupert av Litauen i «Klaipėdaopprøret» i 1923, annektert av Nazi-Tyskland i 1939, annektert av Sovjetunionen i 1945 og ein del av Litauen SSR.. Etter kollapsen til Sovjetunionen i 1991 har det vore ein del av Litauen og Klaipėda og Tauragė fylke.

Tidslinje endre

Tidslinje med kven som hadde kontroll over området
før 1252 Kurarar og Skalovianarar
12521525 Den liviske ordenen og Klosterstaten til Den tyske riddarordenen
15251657 Hertugdømet Preussen, eit len i Den polsk-litauiske realunionen
16571701 Hertugdømet Preussen, ein del av Brandenburg-Preussen
17011871 Kongedømet Preussen
18711918 Kongedømet Preussen, ein del av Det tyske riket
19181920 Weimarrepublikken
19201923 Ambassadørrådet
19231939 Litauen
1939-1945 Nazi-Tyskland
1945-1990 Litauen SSR, del av Sovjetunionen
1990-present Litauen

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre