Mette-Marit av Noreg

(Omdirigert frå Mette-Marit)

Mette-Marit (fødd Mette-Marit Tjessem Høiby19. august 1973) er kronprinsesse av Noreg, gift med kronprins Haakon Magnus av Noreg.

Mette-Marit

FøddMette-Marit Tjessem Høiby
19. august 1973 (51 år)
Kristiansand i Vest-Agder i Noreg
TittelKronprinsesse av Noreg
Alle titlarKronprinsesse av Noreg
Fullt namnMette-Marit
LandNoreg
MorMarit Tjessem
FarSven Olaf Bjarte Høiby
EktefelleHaakon Magnus av Noreg
SambuarJohn Ognby
BarnMarius Borg Høiby, Ingrid Alexandra av Noreg, Sverre Magnus av Noreg

Kronprinsesse Mette-Marit vart fødd Mette-Marit Tjessem Høiby som dotter av journalist Sven Olaf Bjarte Høiby og bankfunksjonær Marit Tjessem. Ho vart gift med kronprins Haakon i 2001. I samband med vigsla vart ho også tildelt Storkrossen av St. Olavs Orden.

Mette-Marit fullførte vidaregåande skule i Kristiansand og tok seinare ex. phil. ved Høgskolen i Agder. Ho arbeidde så eitt år som som servitør på Café Engebret i Oslo.

I 2002-3 studerte ho bistands- og utviklingsspørsmål ved School of Oriental and African Studies ved University of London. Ho vart òg teken opp som hospitant i NORAD.

I 2008 vart ho tildelt Petter Dass-prisen.

Titlar, tiltaleformer, dekorasjonar og våpenskjold

endre

Titlar og tiltaleformer

endre
Kronprinsesse Mette-Marit av Noreg
 
Tiltale Høgvørde Kronprinsesse
Omtale Den Høgvørde Kronprinsessa
  • 19. august 1973–25. august 2001: Frøken Mette-Marit Tjessem Høiby
  • 25. august 2001–i dag: Den Høgvørde Kronprinsessa Mette-Marit av Noreg

Dekorasjonar

endre

Galleri

endre
Mette-Marit av Noreg

Kjelder

endre

Fotnotar

endre
  1. «Tildeling av St. Olavs Orden», Kongehuset, 20. desember 2016.

Bakgrunnsstoff

endre