Moafuglar

(Omdirigert frå Moaer)
Moafuglar
Status
Status i verda: EX Utdøydd
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Infrarekkje: Kjevemunnar Gnathostomata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Infraklasse: Palaeognathae
Orden: Moafuglar Dinornithiformes
Bonaparte, 1853

Moafuglar[1] (biologisk orden Dinornithiformes) var fuglar utan evne til å flyge og alle var endemiske for New Zealand. I sein pleistocen holocen fanst ni moaartar i seks biologiske slekter. Dei to største artane, Dinornis robustus og Dinornis novaezelandiae, nådde omtrent 3,6 meter i høgda med utstrekt og oppreist hals, og vog omtrent 230 kilo[2] medan den minste, buskmoaen[note 1] (Anomalopteryx didiformis), var på storleik med ein kalkun.[3] Estimata av moa-populasjonen då polynesiarar busette New Zealand rundt år 1300 varierer mellom 58 000[4] og omtrent 2,5 millionar individ.[5]

Moaer er tradisjonelt plasserte i strutsefuglgruppa. Likevel har genetiske studiar funne at dei næraste slektningane deira er gruppa av søramerikanske tinamuar, ein gong rekna som ei søstergruppe til strutsefuglar.[6] Dei ni moaartane var dei einaste totalt venglause fuglane, og mangla til og med dei rudimentære vengene som alle andre strutsefuglar har. Moafuglane var dei største landdyra og dominerande planteeterane i skog-, busk- og subalpine økosystem på New Zealand fram til maoriane busette seg på øygruppa, og vart berre jakta av moaørn. Moa-utryddinga skjedde i løpet av dei 100 første åra med menneskeleg nærvær på New Zealand, først og fremst på grunn av høgt jaktpress.[4]

Etymologi endre

Ordet moa er ei polynesisk nemning for tamfugl. Namnet var ikkje i vanleg bruk blant maoriane på tidspunktet for europeisk kontakt, sannsynlegvis fordi moafuglane hadde vore utrydda ei tid, og tradisjonelle historier om desse fuglane var sjeldne. Den tidlegaste nedteikninga av namnet vart gjort av misjonærar i januar 1838, og etter det kom moa-namnet i bruk. I 1912 hevda ein māori-høvding at det tradisjonelle namnet til moa var 'te kura', «den raude fuglen».[7]

Skildring endre

 
Eit montert skjelett av Megalapteryx didinus. Heile skjelettet til denne moaen frå høglandet på New Zealand hadde lege i ei kalksteinsgrotte i femten tusen år – sidan den siste istida – då ho vart oppdaga i mars 1987. Skjelettet vart grave ut, og deretter bygd opp på museet. Ein kunne då sjå at denne moa-arten var omtrent 1 meter høg med ei vekt rekna til 56 kilo. Skjelettet viser også at moa var fuglar med hovudet halde berre litt over ryggnivået - lik moderne kasuarar, men i motsetnad til strutsar. Det er ingen vengbein i det heile; moa var unike blant fuglar ved å ha mista alle spor etter vengene.
Museum of New Zealand, Wellington

Moa-skjelett vart tradisjonelt rekonstruerte i oppreist posisjon for å skape imponerande høgd, men analyse av ryggvirvelledd indikerer at dei sannsynlegvis bar hovudet framover,[8] på same måte som ein kivi. Ryggrada var festa til baksida av hovudet i staden for basen, noko som indikerer den horisontale haldninga. Dette ville ha late dei beite på låg vegetasjon, samtidig som dei kunne løfte hovudet mot lauvverk i tre når det var nødvendig. Dette har resultert i ei revurdering av høgda på større moa. [9][10]

Det finst ikkje overleverte registreringar som fortel kva lydar moa laga, sjølv om ein viss ide om lætet deira kan avleiast frå fossilprov. Luftrøyret til moa vart stødd av mange små beinringar kjende som trakealringar. Utgraving av desse ringane frå ledda skjelett har vist at minst to moa-slekter (Euryapteryx og Emeus) viste luftrøyrforlenging, det vil seie at luftrøyret deira var opptil 1 meter langt og danna ei stor løkke i kroppshòla.[8] Dei er dei einaste strutsefuglane som er kjente for å vise denne eigenskapen, som også finst i fleire andre fuglegrupper, inkludert svaner, traner og perlehøns. Funksjonen er assosiert med djupe resonanslæte som kan bere over lange avstandar.

Evolusjonære høve endre

 
Ei storleikssamanlikning mellom fire moa-artar og eit menneske.
1. Dinornis novaezealandiae
2. Emeus crassus
3. Anomalopteryx didiformis
4. Dinornis robustus

Dei næraste slektningar til moaer er små bakkelevande søramerikanske fuglar kalla tinamuar, som kan flyge.[6][11][12][13] Tidlegare trudde ein at kiviar, den australske emuen og kasuarar[14] er nærast i slekt med moa.

Sjølv om dusinvis av moaartar vart skildra på slutten av 1800- og byrjinga av 1900-talet, var mange baserte på skjelettfragment og viste seg å vere synonym, det vil seie funn av fleire tenkte artar som seinare synte seg å vere same arten. Ein faktor som har forårsaka mykje forvirring i moa-taksonomien er variasjonen av beinstorleikar innanfor same arten, mellom is- og interglasiale periodar og dessutan kjønnsdimorfisme som er tydeleg hos fleire artar. Dinornis ser ut til å ha hatt den mest uttalte kjønnsdimorfismen, med hoer som var opptil 150 % så høge og 280 % så tunge som hannar – så mykje større at dei vart klassifiserte som separate artar fram til 2003.[15][16] Ein studie frå 2009 viste at Euryapteryx curtus og E. gravis var synonym.[16] Ein studie frå 2010 forklarte skilnader i storleik blant individa som kjønnsdimorfisme.[17] Ein morfologisk studie frå 2012 tolka dei i staden som underartar.[18]

Åtferd og økologi endre

 
Bevarte fotspor av ein D. novaezealandiae funne i 1911

Omtrent åtte moa-spor, med fossiliserte moa-fotavtrykk i fluviale silt, er funne på Nordøya. Analyse av avstanden mellom desse spora indikerer gangfart mellom 3 og 5 km/t.[8]

Føde endre

 
D. novaezealandiae hovudskalle ved Museum für Naturkunde, Berlin

Dietten deira har vorte utleidd frå fossilisert innhald av kråsane deira[19][20] og frå koprolittar,[21] så vel som indirekte gjennom morfologisk analyse av hovudskalle og nebb, og stabil isotopanalyse av beina deira.[8] Moa livnærte seg på ei rekkje planteartar og plantedelar, inkludert fibrøse kvistar og blad henta frå låge tre og buskar. Nebbet til Pachyornis elephantopus var analogt med ei rosesaks, og kunne klippe dei fibrøse blada til newzealandsk lin (Phormium tenax) og kvistar opp til minst 8 mm i diameter.[20]

Moafuglar fylte den økologiske nisjen som i andre land var tatt av store grasetande pattedyr som antiloper og lamaer.[22] Nokre biologar hevdar at ei rekkje planteartar utvikla seg for å unngå moa-beiting.[22] Plantar som Pennantia corymbosa som har små blad og eit tett greinnett, og Pseudopanax crassifolius, som har harde unge blad, er moglege døme på plantar som utvikla seg på ein slik måte.

Som mange andre fuglar, svelgde moafuglar kråssteinar (gastrolittar), som vart haldne i muskelmagane, og gav ein slipeverknad som gjorde at dei kunne ete grovt plantemateriale. Desse steinane var vanlegvis glatte avrunda kvartssteinar, men steinar over 110 millimeter lange er funne blant bevart innhald av moakråsar.[20] Dinorni kråsar kan ofte innehalde fleire kilo med steinar.[8] Moafuglar utøvde sannsynlegvis ein viss selektivitet i valet av kråsstein og valde dei hardaste småsteinane.[23]

Artsliste med storleikar og utbreiing endre

Rekkefølgje, vitskaplege og engelske namn etter New Zealand Birds Online:

Familie Namn Lengde Vekt Utbreiing Habitat
Megalapterygidae
Upland moa
Megalapteryx didinus
(Owen, 1883)
65-95 cm 28-80 kg Sørøya Subalpin sone, inkludert fjellandsskap opptil over 1800 moh.,
nordvestre Sørøya
Emeidae
Little bush moa
Anomalopteryx didiformis
(Owen, 1844)
50-90 cm høg 26-64 kg Sør- og Nordøya I lukka låglandsskog
Mantell's moa
Pachyornis geranoides
(Owen, 1848)
54 cm 17-36 kg Nordøya Låglandsområde med våtmarker og sanddyner.
Heavy-footed moa
Pachyornis elephantopus
(Owen, 1856)
?-120 cm 73-163 kg   Sørøya og Stewart Island/Rakiura Det austlege låglandet på Sørøya.
Crested moa
Pachyornis australis
(Oliver, 1949)
?-150 cm 44-90 kg Sørøya Subalpine buskområde, grassletter og kystdyner.
Eastern moa
Emeus crassus
(Owen, 1846)
73-99 cm 36-79 kg Austlege Sørøya Låglandsskog og våtmarkshabitat opp til 200 moh.
Stout-legged moa
Euryapteryx curtus
(Owen, 1846)
52-103 cm 12-109 kg Great Barrier Island, Nordøya og Sørøya Open skog i lågland samt kystområde med tørrare klima
Dinornithidae
North Island giant moa
Dinornis novaezealandiae  
(Owen, 1843)
240-300 cm 34-262 kg Great Barrier Island, Nordøya Variert i lågland frå kyst til innland, med skog og anna vegetasjon.
South Island giant moa
Dinornis robustus
(Owen, 1846)
?-360 cm 34-249 kg D'Urville Island, Sørøya og Rakiura/Stewart Island Variert i lågland frå kyst til innland, med skog og anna vegetasjon.

Forholdet til menneske endre

Utryddinga endre

 
Ein tidleg rekonstruksjon av ein moa-jakt frå 1900-talet

Før menneska kom var moafuglane sin einaste predator den enorme moaørna. New Zealand hadde vore isolert i 80 millionar år og hadde få rovdyr før menneskeleg komme, noko som betyr at ikkje berre var økosystema ekstremt sårbare for urå av framandartar, men også dei innfødde artane var dårleg rusta til å takle innførte rovdyr.[24][25] Polynesiarar kom til ein gong før 1300, og alle moa-slekter vart snart drivne til utrydding ved jakt og, i mindre grad, ved reduksjon av leveområde på grunn av skogrydding. I 1445 hadde alle moafuglar vorte utrydda, saman med moaørn, som hadde lite på moafuglar som pålitande matkjelde. Nyare forsking som bruker karbon-14-datering av avfallsdyngjer tyder sterkt på at hendingane som førte til utrydding tok mindre enn hundre år,[26] i staden for ein periode med utnytting som varte i fleire hundre år som tidlegare trudd.

Gjenoppdaginga av takahē i 1948 etter at ingen hadde vorte sett sidan 1898 viste at sjeldne fuglar kan eksistere uoppdaga i lang tid. Likevel er takahē ein mykje mindre fugl enn moaen, og vart gjenoppdaga etter at spora vart identifiserte - men det er aldri funne nokre pålitelege bevis for moa-spor, og ekspertar hevdar framleis at overlevande moafuglar er ekstremt usannsynleg, sidan dei måtte leve umerkande i over 500 år i ein region som ofte blir besøkt av jegerar og turgåarar.[27]

Mogleg gjenoppliving endre

Moafuglen har ofte vorte nemnt som ein potensiell kandidat for gjenoppliving ved kloning. Den ikoniske statusen han har, kombinert med fakta om at han vart utrydda for berre nokre hundre år sidan og at det eksisterer store mengder moa-restar, betyr at han ofte er oppført saman med slike skapningar som dodo som leiande kandidatar for gjenoppvekking.[28]

Interessa for gjenoppliving av moafuglar vart ytterlegare vekt i midten av 2014 då parlamentsmedlemet Trevor Mallard foreslo at det var ein levedyktig idé å bringe tilbake nokre mindre artar av moa innan 50 år.[29] Ideen vart latterleggjord av mange, men fekk stønad frå nokre naturhistoriske ekspertar.[30]

Kjelder endre

Fotnotar
  1. «Dinornithiformes, moafugler» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Davies, S.J.J.F. (2003)
  3. «Little bush moa | New Zealand Birds Online». nzbirdsonline.org.nz. Henta 21. oktober 2023. 
  4. 4,0 4,1 Perry, George L.W.; Wheeler, Andrew B.; Wood, Jamie R.; Wilmshurst, Janet M. (1. desember 2014). «A high-precision chronology for the rapid extinction of New Zealand moa (Aves, Dinornithiformes)». Quaternary Science Reviews 105: 126–135. Bibcode:2014QSRv..105..126P. doi:10.1016/j.quascirev.2014.09.025. Henta 21. oktober 2023. 
  5. Latham, A. David M.; Latham, M. Cecilia; Wilmshurst, Janet M.; Forsyth, David M.; Gormley, Andrew M.; Pech, Roger P.; Perry, George L. W.; Wood, Jamie R. (March 2020). «A refined model of body mass and population density in flightless birds reconciles extreme bimodal population estimates for extinct moa». Ecography (på engelsk) 43 (3): 353–364. ISSN 0906-7590. doi:10.1111/ecog.04917. 
  6. 6,0 6,1 Phillips, et al. (2010)
  7. «Story: Moa». govt.nz. Henta 21. oktober 2023. 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 Worthy & Holdaway (2002)
  9. Schoon, Theo. «Cave drawing of a moa». Te Ara Encyclopedia of New Zealand. Te Ara. 
  10. «Te Manunui Rock Art Site». Heritage New Zealand. 
  11. Allentoft, M.E.; Rawlence, N.J. (20. januar 2012). «Moa's Ark or volant ghosts of Gondwana? Insights from nineteen years of ancient DNA research on the extinct moa (Aves: Dinornithiformes) of New Zealand» (PDF). Annals of Anatomy - Anatomischer Anzeiger 194 (1): 36–51. PMID 21596537. doi:10.1016/j.aanat.2011.04.002. 
  12. Mitchell, K.J.; Llamas, B.; Soubrier, J.; Rawlence, N.J.; Worthy, Trevor; Wood, J.; Lee, M.S.Y.; Cooper, A. (23. mai 2014). «Ancient DNA reveals elephant birds and kiwi are sister taxa and clarifies ratite bird evolution» (PDF). Science 344 (6186): 898–900. Bibcode:2014Sci...344..898M. PMID 24855267. doi:10.1126/science.1251981. hdl:2328/35953. Arkivert frå originalen (PDF) 30. mai 2019. 
  13. Baker, A.J.; Haddrath, O.; McPherson, J.D.; Cloutier, A. (2014). «Genomic Support for a Moa-Tinamou Clade and Adaptive Morphological Convergence in Flightless Ratites». Molecular Biology and Evolution 31 (7): 1686–1696. PMID 24825849. doi:10.1093/molbev/msu153. 
  14. Turvey et al. (2005)
  15. Huynen, L.J., et al. (2003)
  16. 16,0 16,1 Bunce, M.; Worthy, Trevor; Phillips, M.J.; Holdaway, Richard; Willerslev, E.; Haile, J.; Shapiro, B.; Scofield, R.P.; Drummond, A.; Kamp, P.J.J.; Cooper, A. (2009). «The evolutionary history of the extinct ratite moa and New Zealand Neogene paleogeography». Proceedings of the National Academy of Sciences 106 (49): 20646–20651. Bibcode:2009PNAS..10620646B. PMC 2791642. PMID 19923428. doi:10.1073/pnas.0906660106. 
  17. Gill, B.J. (2010). «Regional comparisons of the thickness of moa eggshell fragments (Aves: Dinornithiformes). In Proceedings of the VII International Meeting of the Society of Avian Paleontology and Evolution, ed. W.E. Boles and Trevor Worthy» (PDF). Records of the Australian Museum 62: 115–122. doi:10.3853/j.0067-1975.62.2010.1535. Arkivert frå originalen (PDF) 11. april 2019. 
  18. Worthy, Trevor; Scofield, R.P. (2012). «Twenty-first century advances in knowledge of the biology of moa (Aves: Dinornithiformes): A new morphological analysis and moa diagnoses revised». New Zealand Journal of Zoology 39 (2): 87–153. doi:10.1080/03014223.2012.665060. 
  19. Burrows, et al. (1981)
  20. 20,0 20,1 20,2 Wood (2007)
  21. Horrocks, et al. (2004)
  22. 22,0 22,1 Gibbs, George W. (2006). Ghosts of Gondwana: the history of life in New Zealand. Nelson, N.Z.: Craig Potton Pub. ISBN 978-1877333484. OCLC 83611783. 
  23. Smalley, I.J. (1979). «Moas as rockhounds». Nature 281 (5727): 103–104. Bibcode:1979Natur.281..103S. doi:10.1038/281103b0. 
  24. Mein Smith, Philippa (2012). A Concise History of New Zealand. Cambridge University Press. s. 2, 5–6. ISBN 978-1107402171. 
  25. Milberg, Per; Tyrberg, Tommy (1993). «Naïve birds and noble savages – a review of man-caused prehistoric extinctions of island birds». Ecography 16 (3): 229–250. doi:10.1111/j.1600-0587.1993.tb00213.x. 
  26. Holdaway & Jacomb (2000)
  27. Laing, Doug (2008)
  28. Le Roux, M., "Scientists plan to resurrect a range of extinct animals using DNA and cloning", Courier Mail, 23. april 2013. Henta 21. oktober 2023.
  29. O'Brien, T. Mallard: Bring the moa back to life within 50 years", 3news, 1. juli 2014. Henta 21. oktober 2023.
  30. Tohill, M.-J., "Expert supports Moa revival idea", stuff.co.nz, 9. juli 2014. Henta 21. oktober 2023.
Notar
  1. Kjelder til offisielle norske artsnamn på utdøydde artar manglar, her er brukt namn som er omsette frå engelsk.
Referansar

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Moafuglar