Morten A. Strøksnes
Morten Andreas Strøksnes (fødd 30. november 1965 i Kirkenes) er ein norsk idéhistorikar, journalist, fotograf og forfattar. Han er busett i Oslo.
Morten A. Strøksnes | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 30. november 1965 (58 år) Kirkenes |
Yrke | journalist, skribent, fotograf, historikar |
Språk | norsk |
Karriere
endreEtter studie i Oslo og Cambridge starta Strøksnes i Morgenbladet, der han jobba som redaktør og journalist fram til 2004. Han har skrive reportasjar, essays, portrett og kritikker for dei fleste større norske avisene og tidsskriftene, og ofte utmerka seg som debattant og spaltist. Dei seinare åra har Strøksnes hatt fast spalte i Stavanger Aftenblad, Bergens Tidende, Nordlys og Adresseavisen. Strøksnes har gjeve ut fleire kritikarrosa bøker innanfor den litterære reportasjesjangeren, og har bidrege til ei rekkje bokutgjevnader.
Hva skjer i Nord-Norge?
endreI 2006 gav han ut Hva skjer i Nord-Norge? som har same tittelen som Ottar Brox si bok frå 1966, som Strøksnes si bok står i dialog med. Boka skildrar ei reise frå det gamle Nord-Noreg, representert ved eit fiskevêr i Vesterålen, og går gjennom landsdelen før ho endar opp i Kirkenes og Murmansk. Strøksnes gjer poeng ut av at Nord-Noreg ikkje har ein hovudstad, slik som vestlandet har Bergen og sørlandet har Kristiansand, og dermed er ein landsdel som er splitta og prega av rivaliseringskultur i lokalsamfunna. Strøksnes argumenterer vidare for at Nord-Noreg har vorte kolonisert kulturelt, politisk og økonomisk, noko som har gjort landsdelen til ein passiv mottakar, ifylgje Strøksnes; eit subsidiesluk. Han parodierer gamle, politiske klisjéar om Nord-Noreg, men endar opp i Kirkenes, der han oppfordrar til å byggja universitet og jernbane til Nikel i Russland.[1]
Et mord i Kongo
endreHans siste bok fekk tittelen Et mord i Kongo (2010) og er ei forteljing om rettssaka og domfellinga av Joshua French og Tjostolv Moland, og omstenda rundt dei to nordmennene Tjostolv Moland og Joshua French i Den demokratiske republikken Kongo. Boka er også ei skildring av Strøksnes sine opplevingar i Kongo, ofte prega av korrupsjon.[2]
Prisar og utmerkingar
endre- I 2011 fekk Morten A. Strøksnes Språkprisen for bokmål «for bøkene Hva skjer i Nord-Norge? (2006) og Et mord i Kongo (2010) og for hans virke som spaltist og kommentator i dagspressen.»[3]
- Brageprisen i klasse for Faglitteratur/Sakprosa i 2015 for Havboka. Eller kunsten å fange en kjempehai fra en gummibåt på et stort hav gjennom fire årstider
- Kritikerprisen for beste sakprosabok i 2015
- Petter Dass-medaljen i 2016
- Reine Ord-prisen[4] i 2016
- Bokbloggerprisen i 2016
- Wissensbuch des Jahres i 2017[5]
- Wanderlust Adventure Travel Book of the Year, The Edward Stanford Travel Writing Awards i 2018(2018)[6]
Bibliografi i utval
endre- Politisk manifest 2000. Morten A. Strøksnes, Sten Inge Jørgensen, Erling Fossen (1999)
- Hellig grunn. En reiseskildring fra Midtøsten (2001)
- Snøen som falt i fjor (2004)
- Automobil – Gjennom Europas Bakgård (2005)
- Hva skjer i Nord-Norge? (2006)
- Rett vest - Cape Cod til Big Sur (2009)
- Et mord i Kongo (2010)
- Tequiladagbøkene – Gjennom Sierra Madre (2012)
- Havboka – eller Kunsten å fange en kjempehai fra en gummibåt på et stort hav gjennom fire årstider (2015)
Kjelder
endre- Artikkelen er basert på bokmålswikipedia om Morten Strøksnes, henta inn 17. november 2011.
- Profil på Gyldendal.no Arkivert 2012-03-14 ved Wayback Machine.
Referansar
endre- ↑ Morten Strøksnes sitt foredrag på Norsk kulturråds årskonferanse i 2006.[daud lenkje]
- ↑ Dagbladet, 14.09.10: Reiser i Afrikas mørke
- ↑ Språkrådet om prisen i 2011
- ↑ «Reine Ord-prisen til Strøksnes | BOK365.no». BOK365.no (på norsk bokmål). 7. juni 2016. Henta 7. juni 2016.
- ↑ «Die Sieger des Jahres 2017 - wissenschaft.de». wissenschaft.de (på tysk). 21. november 2017. Henta 3. mai 2018.
- ↑ «Morten A. Strøksnes vinner pris i Storbritannia / Pressemeldinger / Presse / Hovedsiden - Forlaget Oktober». www.oktober.no. Henta 3. mai 2018.