Ottar Brox
Ottar Brox (30. august 1932–16. februar 2024) var ein norsk samfunnsforskar og politikar for Sosialistisk Venstreparti, fødd i Torsken.[1] Han var professor i sosiologi ved UiT 1972-1984 og stortingsrepresentant for Troms 1973-1977.[2] Brox blir også rekna som ein av føregangsfolk bak opprettinga av Universitetet i Tromsø.[3]
Ottar Brox | |||
Fødd | 30. august 1932 Torsken | ||
---|---|---|---|
Død | 16. februar 2024 | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | politikar, sosiolog | ||
Institusjonar | Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet | ||
Alma mater | Norges landbrukshøgskole | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Liv og virke
endreOttar Brox studerte ved Troms landbruksskole i 1948-1949 og blei utdanna sivilagronom ved Norges Landbrukshøgskole i 1957.[4]
Brox er kjend for boka Hva skjer i Nord-Norge? frå 1966. Denne boka vart inspirasjonskjelde for nordnorsk regionalisme og oppvurdering av sjarkfisket si økonomiske betydning. Temaet i denne boka vart i 1984 vidareført i boka Nord-Norge: Fra allmenning til koloni.
Brox var professor i sosiologi ved Universitetet i Tromsø frå 1972 til 1984, seinare professor II, mens han var forskingsleiar ved Norsk institutt for by- og regionforskning.
Politikk
endreBrox var stortingsrepresentant for SV for Troms i perioden 1973–1977. Han har skrive mange populærfaglege bøker og artiklar, og vore aktiv i den offentlege debatten.
Prisar og utmerkingar
endre- 2000 - Norsk sosiologforenings hederspris
- 2002 - Fritt Ords honnør
- 2003 - Æresdoktor ved Universitetet i Tromsø[3]
- 2005 - Årets bok - Klassekampens litteraturpris
- 2019 - Æresdoktor ved Noregs mijø- og biovitenskapelige universitet[5]
Verkliste
endre- 1957: Norsk landbrukspresse fram til omkring 1840 / Ottar Brox. Vollebekk : Norges landbrukshøgskole. Hovedoppgåve ved Norges landbrukshøgskole.
- 1966: Hva skjer i Nord-Norge? : en studie i norsk utkantpolitikk. Pax-bøkene ; 39 Oslo : Pax
- 1972: Newfoundland fishermen in the age of industry : a sociology of economic dualism. Newfoundland social and economic studies ; 9. St. John's : Institute of Social and Economic Research, Memorial University of Newfoundland.
- 1989: Praktisk samfunnsvitenskap. Universitetsforlagets metodebibliotek. Oslo : Universitetsforlaget.
- 1995: Dit vi ikke vil. Ikke-utopisk planlegging for neste århundre. Halden: Exil
- 2005: Arbeidskraftimport : velferdsstatens redning - eller undergang?. Oslo : Pax.
- 2016: På vei mot et postindustrielt klassesamfunn? Oslo : Pax.
Kjelder
endre- ↑ Hompland, Andreas; Neumann, Iver B. (17. februar 2024). «Ottar Brox». Store norske leksikon (på norsk).
- ↑ Kallelid, Magnus (16. februar 2024). «Ottar Brox er død». dagbladet.no (på norsk). Henta 18. februar 2024.
- ↑ 3,0 3,1 «UiT sine æresdoktorar | Ottar Brox», uit.no, henta 19. februar 2024
- ↑ Profil ved stortinget.no
- ↑ «Tre nye æresdoktorer ved NMBU | NMBU», www.nmbu.no (på norsk bokmål), henta 19. februar 2024