Opna hovudmenyen
Doosan Moxy MT31.

Moxy er eit norsk firma som produserer dumparar. Moxy vart stifta av Birger Hatlebakk frå Fræna, som tidlegare hadde stifta Glamox.

HistorieEndra

Sist på 1960-talet tok Birger Hattlebakk til med utviklinga av ein traktormontert dumpar, med hydrostatisk drift på bakre aksel. I 1969 starta utviklinga av ein rammestyrt dumpar, som fekk typebetegnelsen D20. Den fyrste prototypen stod ferdig i 1971.[1] Han vart driven av ein Scania-motor. Begge desse prototypane vart laga i Molde. Etter å ha hausta erfaring frå prøvedrift med D20 vart det innført nokre modifiseringar og det vart bydt ein serie på fem dumparar, kalla D20A. Etter at dei fyrste prototypane vart bygde flytta Moxy til Elnesvågen i Fræna, der det vart reist nye produksjonslokale.

I 1973 kjøpte Hattlebakk produksjonsretten til ein rammestyrt dumpar med boggi på dumpardelen, med typebetegnelsen Viking D15, som Gjøvik-firmaet Øveraasens motorfabrikk & mek. verksted hadde utvikla, men valde å ikkje setta i serieproduksjon[1]. Dette kjøpet tilførte Moxy nyttig teknologi og ein gjekk ikkje vidare med D20. I staden vart det starta produksjon av D15 i Elnesvågen. Viking D15 var ein terrenggåande dumpar, med drift på alle tre akslane. Dumparane vart godt mottekne på marknaden, men Moxy sleit likevel med økonomien. Rundt 1980 var firmaet oppkjøpt av det engelske firmaet Brown Engineering, som bytta namn på Moxy til Moxy Industries AS.

Utover 1980-talet vart det utvikla fleire nye dumparar. Moxy fekk godt rykte innan anleggsbransjen og vart eksporterte til mange land. Moxy samarbeidde ein periode med Tallmek Smøla AS, som laga dumparkassane for Moxy. På 80-talet innleia dei eit samarbeide med det japanske selskapet Komatsu og bygde ein periode dumparar for Komatsu, som selde dei under sitt eige namn. I 1991 gjekk det statseigde selskapet AS Olivin og Komatsu saman om å kjøpa Moxy og bytta namn til Moxy Trucks AS. Olivin eigde 2/3 og Komatsu 1/3 av aksjeane. Dei nye eigarane tilførte Moxy naudsynt kapital og salsorganisasjonen til Komatsu førte til auka sal.

I 2000 trekte Komatsu seg frå samarbeidet, noko som førte til at Moxy mista storparten av salgsapparatet sitt. Dette førte til at salget gjekk kraftig ned, spesielt i Tyskland, Storbritannia og USA. Dette førte til dårleg økonomi og det vart naudsynt å redusera arbeidsstyrken. Dette kom saman med at staten var i ferd med å delprivaterisera Olivin (49 % av aksjane vart selde til private eigarar) [2]. For at dei økonomiske problema i Moxy ikkje skulle hindra salet av Olivin tok staten over Moxy og tilførte selskapet 50 millionar kroner. I 2002 vart 51 % av akaseane seld til Spilka Invest AS i Ålesund. Nokre månader etter salet byrja konjunkturane å betra seg og salet auka, men i 2003 fekk Moxy på nytt økonomiske problem, på grunn av at den høge kronekursen førte til redusert sal på eksportmarknaden. Denne gongen enda det med konkurs for Moxy.

På trass av dei økonomiske problema hadde dumparane til Moxy eit godt rykte og det engelske selskapet Thomson Group kjøpte Moxy Trucks AS og endra namnet til Moxy Engineering AS. I august 2008 vart Moxy kjøpt av det koreanske føretaket Doosan og namnet endra til Doosan Moxy AS.[3]

ProduktEndra

  • DA30 (28 tonn lasteevne)
  • DA40 (40 tonn lasteevne)

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Paulsrud, G. og Hole, B. (red), Årbok for Norsk vegmuseum 2011, Statens vegvesen, 2012.
  2. Moxy Trucks AS - Tiltak for videre drift, Pressemelding Nr 11/01, Nærings- og Handelsdepartementet, 16/2 2001
  3. Jublet over Moxy-overtakelse, Tungt.no, 2/12 2008.

BakgrunnsstoffEndra