Mullitt er eit mineral som består av aluminiumsilikat, Al6Si2O13, rombisk struktur. Det vert danna ved særs høg temperatur og er difor sjeldan i naturen. Det er ein viktig bestanddel av til dømes keramikk og fleire eldfaste material. Det oppstår ved oppvarming av andalusitt, kyanitt eller sillimanitt til kring 1300 °C. Det vert framstilt av desse minerala, og blir til brukt høgeldfast material, til dømes i tennpluggar.

Mullitt
Generelt
KategoriNesosilikat
Kjemisk formelAl6Si2O13
Strunz-klassifisering09.AF.20
KrystallsymmetriOrtorombisk (2/m 2/m 2/m) dipyramidal
Einingscellea = 7.5785(6) Å, b = 7.6817(7) Å, c = 2.8864(3) Å; Z = 1
Identifikasjon
Fargefargelaus til bleik rosa eller grå
Krystallformprismatisk til nålforma krystallar
KrystallsystemOrtorombisk
Kløyvgod på [010]
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala6 - 7
Glansglasaktig
StrekfargeKvit
TransparensGjennomsiktig til gjennomskineleg
Spesifikk vekt3.11 - 3.26
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa (+)
Brytingsindeksnα = 1.642 - 1.653 nβ = 1.644 - 1.655 nγ = 1.654 - 1.679
Dobbeltbrytingδ = 0.012 - 0.026
2V-vinkelMålt: 20° til 50°
Kjelder[1][2][3]

Mullitt vart først skildra i 1924 etter ein førekomst på Isle of Mull i Skottland.[3]

Kjelder

endre
  • Mullitt. (2011, 29. desember). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/mullitt.