My Love av Paul McCartney & Wings
My Love Singel av Paul McCartney og Wings frå albumet Red Rose Speedway | ||
B-side |
«The Mess (Live at The Hague)» (spelt inn 21. august 1972) | |
---|---|---|
Utgjeve | 23. mars 1973 (Storbritannia) 9. april 1973 (USA) | |
Innspelt | Mars 1972 | |
Studio | Abbey Road, London | |
Sjanger | ||
Lengd | 4:07 | |
Selskap | Apple Records | |
Tekstforfattar | Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | ||
Produsent | Paul McCartney | |
Wings-kronologi | ||
«Hi, Hi, Hi» (1972) |
My Love | «Live and Let Die» (1973)
|
«My Love» er ein kjærleikssong skriven av Paul McCartney til den første kona si, Linda. Snogen kom ut 23. mars 1973 og balladen vart ein stor hit. Han låg fire veker på toppen av den amerikanske Billboard Hot 100-lista,[1][2] og varr den mest suksessrike songen på Paul McCartney- og Wings-albumet Red Rose Speedway (1973).
Innspeling
endreSongen vart spelt inn live med eit orkester i Abbey Road Studios med Richard Hewson som dirigent. I følgje Hewson brukte gjorde dei mange opptak av songen, sidan gitarsoloen var forskjellig kvar gong.[3][4]Gitarsoloen vart spelt av den nordirske gitaristen Henry McCullough, som då var medlem av Wings.
Medverkande
endreSalslister
endre«My Love» vart òg gjeven ut på singel i mars 1973 og nådde toppen av den amerikanske Billboard Hot 100 og niandeplassen på UK Singles Chart.[5][6] Songen nådde òg toppen av Easy Listening-lista og låg der i tre veker.[7] Billboard rangerte songen på femteplassen for 1973-lista deira. Singelen selde til gullplate i USA for over ein million selde eksemplar.[8]
Vekeslisterendre
|
Årslisterendre
|
Musikkvideo
endreDet vart laga ein promoteringsvideo for songen der bandet er omgjeve av røyk i ein hybel med takvindauge. Denne videoen nyttar eit anna vokalopptak av McCartney. Seinare utgåver av denne videoen bruker den same vokalen som på albumet.
Andre utgjevingar
endreSongen er sidan gjeven ut på fleire andre album:
Studioversjonen
endre- Wings-albumet Wings Greatest (1978)
- Paul McCartney-albumet All the Best! (1987)
- Paul McCartney-albumet Wingspan: Hits and History (2001)
- Paul McCartney-albumet Pure McCartney (2016)
Konsertopptak
endre- Wings over America (1976)
- Back in the World (2002)
- Good Evening New York City (2009).
Andre versjonar
endre«My Love» har blitt spelt av mange andre artistar, som Nancy Wilson, Johnny Gill, Cher, Brenda Lee, Cass Elliott, Margie Joseph, Salena Jones, Mina, Shinehead, Andy Williams, Warren Hill og Dottie West. Det finst òg instrumentale versjonar av Ivan «Boogaloo Joe» Jones, Pieces of a Dream (frå albumet The Best Of Pieces of a Dream),[13] og Michael Lington (frå Stay With Me i 2004).[14][15]
Harry Connick Jr. spelte inn songen på albumet The Art of McCartney i 2014.
Corinne Bailey Rae gav ut ein versjon av songen på The Love E.P. (2011).
I 1974 tok Lincoln Mayorga ein instrumentalversjon med på plata si Lincoln Mayorga & Distinguished Colleagues – Volume III, og kalla songen «The Perfect Song».
Ein instrumental av songen kan høyrast under bryllaupet til Monica og Chandler i den amerikanske situasjonskomedien Friends.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «My Love (Paul McCartney and Wings song)» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mai 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Hot 100 - Billboard». Billboard. 2. juni 1973. Henta 19. mai 2018.
- ↑ «Hot 100 - Billboard». Billboard. 23. juni 1973. Henta 19. mai 2018.
- ↑ Eder, Bruce. «Richard Hewson - Biography». AllMusic. Henta 4. mars 2018.
- ↑ Luca Perasi, Paul McCartney: Recording Sessions (1969-2013), L.I.L.Y. Publishing, 2013, ISBN 978-88-909122-1-4, p.87.
- ↑ «Paul McCartney singles». AllMusic. Henta 19. mai 2018.
- ↑ Rice, Tim; Paul Gambaccini; Jo Rice (1995). British Hit Singles. London: Guinness Publishing Ltd. ISBN 0-85112-633-2.
- ↑ Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 163.
- ↑ «Paul McCartney and Wings - My Love - RIAA Gold Certification». RIAA. 6. juli 1973. Henta 19. mai 2018.
- ↑ «flavour of new zealand - search listener». Flavourofnz.co.nz. Henta 8. oktober 2016.
- ↑ Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - ISBN 0-89820-089-X
- ↑ «Australian Chart Book». Austchartbook.com.au. Arkivert frå originalen 5. mars 2016. Henta 8. oktober 2016.
- ↑ «Top Pop Singles» Billboard 29. desember 1973: TA-28
- ↑ «The Best of Pieces of a Dream». AllMusic.com.[daud lenkje]
- ↑ «Stay with Me overview». AllMusic.com.
- ↑ «Stay with Me overview». AllMusic.com. Arkivert frå originalen 28. desember 2004.