Norske Samers Riksforbund

norsk samisk politisk parti
(Omdirigert frå NSR)

Norske Samers Riksforbund (fork. NSR, nordsam. Norgga Sámiid Riikkasearvi, lulesam. Vuona Sámij Rijkasiebrre sørsam. Nøørjen Saemiej Rijhkesiebrie) er den største samiske organisasjonen i Noreg. Organisasjonen stiller vallister ved Sametingsval og har lenge samarbeidd med Samefolkets parti og Samepolitisk Råd i Senterpartiet politisk.

Sametingsgruppa til Norske Samers Riksforbund i perioden 2005-2009.
Foto: Norske Samers Riksfobund

NSR blei stifta 30. november 1968, men historia til organisjonen går lengre tilbake. Den første sameforeininga på norsk sida blei stifta allereie i 1906, to år etter Elsa Laulas manande appell frå 1904 og den første foreininga på svensk sida. NSR blei grunnlagd som eit samband av dei lokale sameforeiningane i Finnmark og Oslo Sámiid Searvi. NSR stod sentralt i kampen mot utbygging av Alta-Kautokeino vassdraget. Dei tre første presidentane til det norske Sametinget, Ole Henrik Magga, Sven-Roald Nystø og Aili Keskitalo, har komme frå NSR. Leiar av Norske Samers Riksforbund er Aili Keskitalo frå Kautokeino. NSR har sitt hovudsekretariat i Guovdageaidnu/Kautokeino, der Thomas Nygård er sekretariatsleiar.

Liste over leiararEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Denne samiske artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.