Den siste nattverden

Den siste nattverden viser til det siste måltidet Jesus hadde med disiplane sine før krossfestinga. Han delte då brød og vin med dei, og innstifta med dette den kristne nattverden. Handlinga blir særleg minna på skjærtorsdag i påskeveka, då ho etter tradisjonen fann stad. Den siste nattverden har hatt ei viktig stilling i sjølvforståinga til kyrkja, og dei ulike hovudretningane innan kristendom har utforma ulike teologiar og seremoniar til minne om han. Hendinga blir også kalla den første nattverden, ettersom ho er rekna som byrjinga på den kristne nattverdsordninga.[1]

Den siste nattverden i eit måleri av Aleksandr Ivanov frå 1824.
Den siste nattverden i ei utskjering av Gil de Siloé i eit spansk kloster frå 1400-talet i Burgos. I denne senen ser ein Jesus, elleve disiplar, Maria Magdalena som vasker føtene hans, og hovudet til Johannes døyparen.

«Nattverd» tyder opphavleg 'kveldsmåltid', og har seinare fått hovudtyding som rituelt kyrkjemåltid og sakrament i alle dei kristne hovudretningane. Tidlege kristne ser ut til å ha hatt minnemåltid saman som seinare blei formaliserte i kyrkja. Forskarar ser anten på den siste nattverden som ein kjelde til den seinare nattverdstradisjonen, eller forklarer soga om den siste nattverden som avleidd frå tidleg kristen nattverdstradisjon slik han er skildra av Paulus.[2]

Hendinga har inspirert ei rekkje kunstverk. Det best kjende av desse er truleg Den siste nattverden av Leonardo da Vinci.

Omtale i heilage skrifter endre

Dette er min kropp, som er for dykk. Gjer dette til minne om meg!

Jesus ifølgje Paulus (1Kor:23).[3]

Den eldste tilvisinga til nattverden er i Paulus’ fyrste brev til korintarane (1Kor 11:23–26). Her fortel Paulus korleis Jesus den natta han vart sviken gav disiplane brød og vin som han sa var hans kropp og blod, og baud dei minnast han og den nye pakta.[3]

Evangelia endre

Den første dagen i høgtida med usyra brød kom disiplane til Jesus og spurde: «Kvar vil du vi skal stella til påskemåltidet for deg?» Jesus svara: «Gå inn i byen, til den mannen de veit, og sei til han: 'Meisteren seier: Tida mi er nær; hos deg vil eg halda påskemåltid med disiplane mine.'» Disiplane gjorde som Jesus hadde sagt, og gjorde i stand påskemåltidet.

Matt 26:17-19[4]

Dei synoptiske evangelia fortel med liknande ord om den siste nattverden og nemner at han fann stad som eit jødisk påskemåltid. Markus og Lukas fortel også noko om kvar nattverden fann stad: I eit stort rom i andre etasje tilreidd med teppe og puter. Jesus seier at dette er siste gongen han vil drikka vin før han gjer det i Guds rike. Under måltidet fortel han at ein av dei som sit til bords med han kjem til å svika han. Matteus nemner Judas med namn. Berre Lukas nemner at Jesus oppmodar disiplane til å dela mat på same måte som minne om han.[4]

Når no eg, herren og meisteren, har vaska føtene dykkar, då skyldar de òg å vaska føtene til kvarandre. Det er eit føredøme eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera.

Jesus ifølgje Johannes (Joh. 13:13-14)[5]

Johannes (Joh 14-17) plasserer den siste nattverden dagen før påskehøgtida (14. nisán, noko som gjer at Jesus blir krossfesta same dagen ein slakter påskelamma). Han seier lite om sjølve måltidet, men fortel at Jesus vaska føtene til disiplane sine og baud dei gjera det same mot kvarandre etter han.[5] Han gjengjev så ein lang tale der Jesus tek avskjed og deler læra si med dei.[6] Talen liknar munnlege testament haldne av fedrar eller religiøse leiarar, ofte mot slutten av livet, der dei instruerer borna eller tilhengjarane sine.[7]

I talen seier Jesus noko om seg sjølv og tilhøvet mellom han og tilhengjarane sine, og skildrar det som ei etterlikning av hans eige tilhøve til Gud. Vidare fortel han at det vil koma «ein annan talsmann», «sanningsanden», etter han. Sist i kapittelet tek han farvel og ber disiplane reisa seg og gå.[6] Kapitla 15-17 inneheld ein utvida metafor om Jesus som «det sanne vintreet», Gud Faderen vinbonden og disiplane greinene som kan bera frukt om dei held seg til han.[8] Desse neste tre kapitla blir i dag derfor ofte rekna som seinare tillegg, særleg ettersom dei er for lange og skriftlege til å kunna ha gått gjennom munnleg overlevering som dei andre sogene om utsegnene til Jesus.[7]

Lukas har også ei soge knytt til nattverda som finn stad etter krossfestinga og oppståinga (Luk 24:13-35). To disiplar på veg til Emmaus er «fulle av sorg». Då viser Jesus seg for dei, men dei kjenner han ikkje att. Først når han bryt brød og ber takkebøn med dei vert «auga deira opna, og dei kjende han att.» Dei to disiplane dreg tilbake til Jerusalem og fortel kva dei har opplevd.[9]

Koranen endre

I det femte kapittelet av Koranen, Al-Ma'ida ('Bordet'), der Gud sender eit dekt bord til Jesus og disiplane som eit teikn.[10] Hendinga kan visa til den siste nattverden, men dette er omstridd.[11] Forteljinga skil seg mykje frå den kristne siste nattverden, og har i alle høve ei heilt anna tyding ettersom Jesus ifølgje Koranen ikkje blei krossfesta.

Tradisjonar knytt til nattverden endre

 
Ikon av den siste nattverden frå ei kyrkje i Göreme i Tyrkia, laga på 1000-talet, med ein fisk til mat. Fisken er eit gammalt symbol i kristendommen.

Stad endre

Dei bibelske forteljingane seier ikkje konkret noko om kvar den siste nattverden fann stad, bortsett frå at det skal ha vore eit rom ovanpå i ein by. Ifølgje ein tradisjon ligg dette rommet, Nattverdssalen eller Cenaculum, på Sionfjellet i Jerusalem. Ein annan kandidat er den syrisk-ortodokse kyrkja Sankt Markus i Jerusalem. Rommet skal ha vore den vanlege staden apostlane samla seg i Jeruslam, og ifølgje Catholic Encyclopedia «den første kyrkja».[12]

Måltidet endre

Både dei synoptiske evangelia og Paulus fortel at Jesus tok eit stykke brød, sa ei bøn (ei signing ifølgje Matteus og Markus, ei takkseiing ifølgje Lukas og Paulus), braut stykke som han gav til disiplane og sa det var hans lekam. Ved slutten av måltidet tok han eit drikkebeger, truleg fylt med vin, sa igjen ei bøn (ei takkseiing ifølgje Matteus og Markus) og knytte drikka til blodet sitt. Lukas nemner òg eit beger ved byrjinga av måltidet.

Måltidet er blitt kalla eit påskemåltid, men mange viktige element frå den jødiske sedertradisjonen, som påskelammet, er ikkje med.[13] Dette kan tyda at evangelieskrivarane ikkje rekna dei som viktige, eller at måltidet fann stad ein annan dag.

 
Glasmåleri av den siste nattverden i Mexico by med Judas som snik seg vekk nedst.

Ved eit sedermåltid drikk ein vin før ein et brød. Rekkjefølgja ifølgje evangelia var først brød og så vin. Dette kan tolkast som at vinbegeret Jesus gav ut som sitt blod var det tredje begeret ved sederen, der ein ber Birkat hammazón, eller det fjerde, der ein ber Hallel.

Svik endre

Under måltidet fortalde Jesus at ein av dei som var til stades kom til å forråda han. Matteus hevder Judas Iskariot allereie hadde fått tretti sølvpengar for å gje over Jesus til øvsteprestane.[4] Ifølgje Johannes «fór Satan i han» då Judas fekk ein brødbit av Jesus etter at denne hadde sagt den han gav biten, kom til å svika han.[6] Trua på at det bringer ulukke å sitja tretten til bords er blitt knytt til talet på dei som var til stades ved nattverden.[14]

Dei fire evangelia, bortsett frå Lukas, fortel at Jesus visste disiplane kom til å fornekta han. Då Simon Peter seier han ikkje ville forlata Jesus sjølv om dei andre gjer det, seier Jesus at han kjem til å fornekta han tre gonger før hanen gjel.

Seinare framstillingar endre

 
Takmåleri av den siste nattverden, framstilt som ein ortodoks nattverd, i Valamo kloster i Karelia. Til høgre for Jesus står Maria Magdalena. Heilt til venstre står Judas Iskariot.

Minnemarkeringar endre

Den siste nattverden blei minna gjennom kjærleiks- eller agapefestar i tidleg kristendom, og seinare gjennom kyrkjeleg nattverd. Hendinga blir likevel særskild markert på skjærtorsdagen i den stille veka. Denne dagen har til dømes pavar, kongar, prinsar og andre høgtståande geistlege og adelege vaska føtene og gjeve mat til tretten trengande.

Biletkunst endre

 
Den siste nattverden av Leonardo da Vinci.
 
Den siste nattverden av Tintoretto.

Den siste nattverden er blitt framstilt ei rekkje gonger i kyrkje- og annan kristen kunst. I ortodokse kyrkjer blir han som regel framstilt som eit ikon over kongedøra i ikonostasen. Framfor dette ikonet tek dei truande imot nattverden.[15]

I vestleg kristendom blei hendinga eit nøkkelmotiv i renessansen. I fresker og biletsyklusar frå 1300-talet er den siste nattverden ofte ein av fleire sener, men frå 1400-talet byrja ein laga eigne bilde, gjerne på ein heil vegg, av den siste nattverden.[16] I desse bilda blir det som regel vist fram tolv apostlar, mellom dei «disippelen som Jesus hadde kjær»[5] like til høgre eller venstre for Jesus. Judas blir gjerne vist i utkanten eller med dei tretti sølvmyntane. Ofte har ein også teke med Maria Magdalena i framstillingane.[17]

Av kjende kunstnarar som har avbilda den siste nattverden kan nemnast:

  • Fra Angelico i 1452
  • Leonardo da Vinci i 1495-1497. Måleriet hans viser dei ulike reaksjonane til disiplane etter at Jesus har sagt ein av dei kjem til å forråda han.
  • Domenico Ghirlandaio i Ognissanti-klosteret i 1480 og i San Marco-klosteret rundt 1482. Begge klostra er i Firenze.
  • Tintoretto i San Giorgio Maggiore-kyrkja i Venezia.
  • Paolo Veronese i 1571, eit bilde han måtte omdøypa til 'Gjestebodet hjå Levi' etter at inkvisisjonen meinte han framstilte nattverden på ein respektlaus måte.
  • Perugino (1493-1496), i il Cenacolo di Fuligno i Firenze
  • Dierick Bouts (1464-1467)
  • Juan de Juanes (fleire måleri)

I moderne tid har mellom anna Salvador Dalí måla eit nattverdsbilde i 1955.

Bildet frå Johannes om Jesus som ein vinranke og disiplane som greiner som kan bera frukt er òg blitt mykje brukt i kristen ikonografi.

Utsegna om at «Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine» (Joh 13:15)[5] har vore brukt til å forherliga ofra til martyrar og soldatar, og er ofte blitt gjeve att på krigsminnesmerke og graver.

Kjelder endre

  1. NATTVERDEN ved lindesnes.kirken.no; KIRKER I HAMMERFEST ved kirken.hammerfest.no; Ellert Dahl, Messen som måltid ved katolsk.no.
  2. "The custom of placing the eucharist at the heart of the worship and fellowship of the Church may have been inspired not only by the disciples’ memory of the Last Supper with Jesus but also by the memory of their fellowship meals with Him during both His days on earth and the forty days of His risen appearances.", Bromiley, G. W. (1988; 2002). Vol. 3: The International Standard Bible Encyclopedia, Revised (164); Wm. B. Eerdmans The Oxford History of Christian Worship. Oxford University Press, USA. 2005. ISBN 0195138864; Robert W. Funk and the Jesus Seminar. The acts of Jesus: the search for the authentic deeds of Jesus. HarperSanFrancisco, 1998. Introduction, s. 1-40.
  3. 3,0 3,1 1Kor:23
  4. 4,0 4,1 4,2 Matt 26:26–29; Mark 14:22–25; Luk 22:17–20.
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Joh 13.
  6. 6,0 6,1 6,2 Joh 14.
  7. 7,0 7,1 Robert W. Funk, Roy W. Hoover og Jesus Seminar. The five gospels. HarperSanFrancisco. 1993.
  8. Joh 15.
  9. Luk 24.
  10. Koranen 5:112–115.
  11. The Descriptive Titles of Jesus in the Quran (part 1 of 2): “The Messiah” and “a Miracle” ved islamreligion.com; Heribert Busse, Islam, Judaism, and Christianity: theological and historical affiliations Markus Wiener Publishers, 1998 s. 127; Ivor Mark Beaumont, Christology in dialogue with Muslims, OCMS, 2005 s. 145.
  12. Catholic Encyclopedia: Jerusalem (A.D. 71-1099): "During the first Christian centuries the church at this place was the centre of Christianity in Jerusalem, "Holy and glorious Sion, mother of all churches" (Intercession in "St. James' Liturgy", ed. Brightman, p. 54). Certainly no spot in Christendom can be more venerable than the place of the Last Supper, which became the first Christian church."
  13. Raymond Apple, Was the Last Supper a Seder?, OzTorah
  14. Fredag den 13. ved Dansk Folkemindesamling
  15. Last Supper icon ved orthodoxwiki.org
  16. The Last Supper: artistic ritual in the convent refectory. ved commune.fi.it
  17. Brought Before the Inquisition, 1573, EyeWitness to History, www.eyewitnesstohistory.com (2008).