Never a Dull Moment er det fjerde studioalbumet til den britiske rockesongaren Rod Stewart. Albumet kom ut sommaren 1972 og låg to veker på toppen av den britiske albumlista og nådde andreplassen på den amerikanske lista.[4][5] Songen «You Wear It Well», skriven av Stewart og den klassiske gitaristen Martin Quittenton, vart ein stor hit (1. plassen i Storbritannia, 13. plassen i USA) og det same vart «Twisting the Night Away», ein song av Sam Cooke.
Som mange av albuma til Stewart frå denne tida deltok fleire av medlemmane i Faces på albumet. Andre gjestemusikarar var Ray Jackson frå bandet Lindisfarne på mandolin, Spike Heatley på kontrabass, Gordon Huntley på steelgitar, Dick Powell på fiolin og Pete Sears på piano og bass.
«Mama You Been on My Mind» er ein coverversjon av ein Bob Dylan-song. Stewart sin versjon av songen er med i Nick Hornby-boka 31 Songs.
«Angel» er ein song av Jimi Hendrix, og spelt inn som ei hyllest til han, etter han nyleg var gått bort. Hendrix og Ronnie Wood hadde delt leilegheit seint i 1960-åra, og var begge på ein klubb i Soho den natta han døydde. Ein kan høyre denne versjonen i filmen Charlie's Angels.
- ↑ AllMusic review
- ↑ Robert Christgau Consumer Guide
- ↑ Rolling Stone Album Guide, arkivert frå originalen 19. september 2011, henta 31. mai 2018
- ↑ 4,0 4,1 «Rod Stewart > Artists > Official Charts». UK Albums Chart. Henta 31. mai 2018.
- ↑ 5,0 5,1 «Allmusic: Never a Dull Moment : Charts & Awards : Billboard Albums». allmusic.com. Henta 31. mai 2018. [daud lenkje]
- ↑ 6,0 6,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ «Top Albums/CDs - Volume 18, No. 9». RPM. 14. oktober 1972. Henta 31. mai 2018.
- ↑ «dutchcharts.nl Rod Stewart – Never a Dull Moment» (ASP). Hung Medien (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 31. mai 2018.
- ↑ 9,0 9,1 «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 1972» (på italiensk). hitparadeitalia.it. Henta 31. mai 2018.
- ↑ Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970-2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9.
- ↑ «Rod Stewart – Never a Dull Moment» (ASP). norwegiancharts.com. Henta 31. mai 2018.
- ↑ «Swedish Charts 1969–1972 / Kvällstoppen – Listresultaten vecka för vecka > August 1972 > 29. august» (PDF). «Swedish Charts 1972–1975 / Kvällstoppen – Listresultaten vecka för vecka > Augusti 1972 > 29. augusti» (PDF) (på svensk). hitsallertijden.nl. Henta 31. mai 2018.
- ↑ «Album Search: Rod Stewart – Never a Dull Moment» (ASP) (på tysk). Media Control. Henta 31. mai 2018.
- ↑ «Dutch charts jaaroverzichten 1972» (ASP) (på nederlandsk). Henta 31. mai 2018.
- ↑ «The Official UK Charts Company : ALBUM CHART HISTORY». 31. mai 2018. Arkivert frå originalen 31. mai 2018. Henta 2. mai 2013.
- ↑ «American album salstrofé – Rod Stewart – ever a Dull Moment». Recording Industry Association of America. Henta 31. mai 2018. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH