Neverdokument
Neverdokument er dokument skrivne på never frå bjørk. Denne typen dokument er vorte laga i ulike kulturar. Det finst til dømes buddhistiske tekster skrivne på bjørkenever og bevart i leirkar. Ei mengd neverdokument er òg vorte funne rundt om i Aust-Europa, framfor alt i Novgorod.
Neverdokument i Asia
endreBork frå himalayabjørk (Betula utilis) har blitt brukt til å skriva på i Sør-Asia i fleire hundreår. Praksisen var særleg utbreidd i historiske Kashmir. Bruk av bork som papir er nemnd av tidlege sanskritforfattarar som Kalidasa (ca. 300-talet), Sushruta (ca. 200-talet) og Varahamihira (500-talet).
I Kashmir fortalde tidlege lærde at alle bøkene deira var skrivne på bjørkebork til 1500-talet.[1] Borken frå himalayabjørk blir framleis nytta i India og Nepal for å skriva heilage mantra.[1][2]
Buddhistiske gandhari-tekster
endreDei eldste bevarte nevermanuskripta er buddhistiske tekster frå det første hundreåret skrivne på prakritspråket gandhari med kharosthiskrift. Dokumenta er skrivne med svart blekk på neverrullane, der skrifta går på begge sidene av neveret.[3][4] Dei var oppbevarte i leirkrukker. British Library kjøpte dokumenta i 1994. Forskarar trur dei har vorte skrivne i det som no er Afghanistan. Liknande neverdokument er blitt funne i Aust-Afghanistan.[5] Seinare blei det funne ei anna samling frå same tidsrom, kjend som «Senior collection».[6]
Ein reknar med at tekstane blei laga av Dharmaguptaka-sekta og truleg inneheldt eit utval avden større samlinga dei hadde av tekstar i eit av klostera sine.[7] Samlinga inneheld ulike sutraer og kommentarar,blant anna Dhammapada og Nashornsutraen (Khargaviṣana-sutra).[8]
Dokumenta var truleg allereie i dårleg stand då dei blei lagra i leirkrukkene. Forskarar har konkludert med at fragmenta truleg blei gjevne ei rituell gravlegging, liknande måten gamle jødiske skrifter blir lagra i ein genizah.[5]
Sanskrit- og prakritmanuskript
endreEit fragment av eit neverdokument på sanskrit, skrive med brahmiskrift, var med i samlinga som kom til British Library. Ein reknar med at det kjem frå Nord-India, og stammar frå eit av dei første hundreåra e.Kr.[9]
Bower-manuskriptet er ein av dei eldste sanskrittekstane på neverbork, skrive med brahmiskrift. Det er estimert til å vera frå rundt 450. Manuskriptet omfattar fleire tekstar om ulike emne, mellom anna ei medisinsk avhandling og ordspråk. Manuskriptet blei oppdaga i Kucha (i noverande Aksu prefektur i Xinjiang i Kina), eit gammalt buddhistisk rike på den nordlege delen av Silkevegen.[10]
Bakhshali-manuskriptet omfattar sytti borkefragment skrivne på sanskrit og prakrit, med saradaskrift. Ut frå språk og innhald er det rekna ut til å vera frå 100- til 200-talet. Teksten tek for seg ulike matematiske teknikkar.[11][12]
Det blei funne ei stor mengd neverborkrullar i Afghanistan under borgarkrigen på slutten av 1900- og byrjinga av 2000-talet, kanskje frå holene ved Bamiyan. Dei rundt 3000 fragmenta er på sanskrit eller buddhistisk sanskrit og er skrivne med brahmiskrift. Dei er daterte til tidsrom frå 100- til 700-talet.[9]
I eit gammalt buddhistisk kloster i Jaulian nær Taxila i Panjab i Pakistan er det funne manuskript i brahmiskrift daterte til 400-talet.[13]
Gilgit-manuskripta er buddhistiske tekstar funne i Gilgit i noverande Pakistan. Dei er daterte til rundt 400- til 500-talet og er skrivne på buddhistisk sanskrit med brahmiskrift. Manuskripta blei oppdaga i 1931. Tekstane omfattar ulike sutra, mellom anna Lotus-sutraen, i tillegg til folkeeventyr og tekstar om medisin og filosofi.[14][15][16]
Manuskript som inneheld Devīkavaca-teksten, ein hymne som lovprisar gudinna Durga, er blitt rekna for å kunna verna den som ber dei mot vonde makter, som ein amulett.[17] Eit døme på dette er ein borkebit med devanagariskrift frå Nepal, truleg laga på 1800-talet, som Cambridge University Library eig (MS Add. 1578). Ifølgje innsamlaren blei slike borkemanuskript berre brukt til amulettar i Nepal, så vidt han kunne finna ut.[18]
Neverdokument i Aust-Europa
endreFunn og funnstader
endreDen 26. juli 1951 vart det første russiske neverbrevet funne ved utgravingar i Novgorod leidde av Artemij Artsikhovskij. Funnet vart datert til omkring år 1400. Sidan då har det i Staraja Russa, Smolensk, Torzjok, Pskov, Tver, Moskva og Staraja Rjazan samanlagt vorte funne fleire enn 1 000 dokument. Dei fleste av neverbreva vart funne i Novgorod. I Ukraina er det gjort funn av neverdokument i Zvenihorod i Volhynia. I Kviterussland er det gjort fleire funn i Vitebsk og i Mstislavl.
Dei uvanleg velbevarte dokumenta har lege gravlagde i eit djupt kulturlag (i Novgorod er laget åtte meter djupt) dekt med leire med høgt vassinnhald. Dette har hindra syre frå å bryta ned materialet. Utgravingar i stor skala for å finna slike dokument vart innleidd i Novgorod 1932, sjølv om ein forsøk å grava det ut allereie på 1800-talet.
Neverdokumenta er tidlegare vorte nemnde i fleire austslaviske manuskript. Sjølve oppdaginga av neverbreva (russisk берестяна́я гра́мота, berestjanaja gramota) har gjort at kunnskapen om austslavisk kultur og språkbruk er vorte vesentleg større. Ein har òg funne eit hundretal skrivereiskapar, for det meste av jarn men òg av bein eller bronse.
Innhald og datering
endreDei russiske forskarane Valentin Janin og Andrej Zaliznjak meiner at dokumenta for det meste er vanlege brev skrivne av personar som snakka Novgorod-dialekt. Det er både personlege brev og forretningsbrev. Berre få dokument er skrivne på gammalkyrkjeslavisk og berre eit einaste på gammalsvensk. Ein handfull brev er også skrivne på eit austersjøfinsk språk. Dei eldste daterte funna av neverbrev er frå 1000-talet og dei yngste er daterte til 1400-talet.
Zaliznjak fortel i eit intervju i samband med at han vart promotert til æresdoktor ved Uppsala universitet at neverbreva blant anna viser at lesa- og skrivekunna i Novgorodområdet var større enn ein tidlegare visste, og ut frå dei kortfatta meldingane kan ein òg dra konklusjonen at stillinga til kvinner var friare og sterkare enn i andre delar av Russland.[19]
Dokument nummer 292, oppdaga i 1957 ved utgravingane i Novgorod, er det eldste kjende dokumentet som er skrive på eit austersjøfinsk språk. Det er datert til tidleg 1200-tal. Språket er eit austersjøfinsk språk og vert anteke å vera eit karelsk språk, kanskje nærast dagens livvisk. Dette og dei ande neverdokumenta med austersjøfinsk innhald er viktige dokument i utforskinga av austersjøfinsk språkhistorie.
Talet på funne neverbrev
endreDei aller fleste austeuropeiske neverbreva som hittil er vorte funne (fram til 2012) er frå utgravingar i Novgorod. Nedanfor kjem eit oversyn over talet på funne brev og på kva for stadar dei vart funne.
Novgorod | 1050 |
Staraja Russa | 45 |
Torzjok | 19 |
Pskov | 8 |
Smolensk | 16 |
Vitsebsk (Kviterussland) | 1 |
Mstislavl (Kviterussland) | 1 |
Tver | 5 |
Moskva | 3 |
Staraja Rjazan | 1 |
Nizjnij Novgorod | 1 |
Zvenihorod Galitskij (Ukraina) | 3 |
Rolla til neverdokumenta i språkforskinga
endreElisabeth Löfstrand, filosofie doktor og dosent ved Slaviska institutionen ved Stockholms universitet, og æresdoktor ved Novgorods universitet, har skildra neverbreva som ei uvurderleg kjelde til kunnskap om utviklinga til det russiske språket.
I Russland i mellomalderen var kulturspråket kyrkjeslavisk, eit språk som var nærskyldt med russisk men som var importert frå dei sørslaviske landa i samband med kristninga i 988. Kyrkjeslavisk vart verande skriftspråk til heilt inn på 1600-talet, medan ulike former av russisk var det talte språket. Hadde neverbreva ikkje vorte verna så vel i leirjorda i Novgorod, skulle ein ikkje fått vita kor mykje som også vart skrive på russisk – på never i staden for på papir og pergament, og om mange ulike emne.
Døme på neverbrevstekstar
endreElisabeth Löfstrand gjev i artikkelen Näverbreven från Novgorod nokre døme på kva heilt vanlege menneske skreiv til kvarandre på den tida. Slik skriv ei utstøytt hustru til bror sin i slutten av 1100-talet:
- «Frå Gostiata til Vasilij. Det som min far gav meg og slekta skaut til, det held han på. No tek han seg ei ny hustru, men meg vil han ikkje gje nokon ting. Han har jaga meg bort, og tek ei anna til hustru. Kom hit er du snill!«» -- Gostiata, 1100-talet.
Eit anna døme, datert til 1300-talet:
- Helsing frå Nastasia til mine brør. Min Boris er ikkje lengre blant dei levande. Korleis skal dokker, mine herrar, no ta hand om meg og mine barn?» Nastasia, 1300-talet.
Kjelder
endre- Fotnotar
- ↑ 1,0 1,1 Müller, Friedrich Max (1881). Selected essays on language, mythology and religion, Volume 2. Longmans, Green, and Co. s. 335–336fn.
- ↑ Wheeler, David Martyn (2008). Hortus Revisited: A 21st Birthday Anthology. London: Frances Lincoln. s. 119. ISBN 0-7112-2738-1.[daud lenkje]
- ↑ Salomon 1997
- ↑ Salomon och Glass 2000, s. XI
- ↑ 5,0 5,1 Salomon, Richard (1. april 1997). «A preliminary survey of some early Buddhist manuscripts recently acquired by the British Library». The Journal of the American Oriental Society (American Oriental Society).
- ↑ Richard Salomon; Andrew Glass (2000). A Gāndhārī Version of the Rhinoceros Sūtra: British Library Kharoṣṭhī Fragment 5B. University of Washington Press. s. xi. ISBN 978-0-295-98035-5. Henta 15 July 2012.
- ↑ Richard Salomon. Ancient Buddhist Scrolls from Gandhāra: The British Library Kharosthī Fragments, with contributions by Raymond Allchin and Mark Barnard. Seattle: University of Washington Press; London: The British Library, 1999. d 181
- ↑ Salomon, Richard (1999). Ancient Buddhist Scrolls from Gandhāra. Seattle: University of Washington Press. ISBN 0-295-97769-8.
- ↑ 9,0 9,1 Patrick Olivelle (13 July 2006). Between the Empires: Society in India 300 Bce to 400 Ce. Oxford University Press. s. 356–7. ISBN 978-0-19-530532-6. Henta 15 July 2012.
- ↑ David Diringer (1953). The Book Before Printing: Ancient, Medieval, and Oriental. Courier Dover Publications. s. 361. ISBN 978-0-486-24243-9. Henta 16 July 2012.
- ↑ John Newsome Crossley; Anthony Wah-Cheung Lun; Kangshen Shen; Shen Kangsheng (1999). The Nine Chapters on the Mathematical Art: Companion and Commentary. Oxford University Press. ISBN 0-19-853936-3.
- ↑ «The Bakhshali Manuscript». Treasures of the Bodleian. University of Oxford Bodleian Library. Arkivert frå originalen 5. oktober 2011. Henta 16. juli 2012.
- ↑ Kurt A. Behrendt (2003). Handbuch Der Orientalistik: India. The Buddhist architecture of Gandhāra. Brill. s. 35–36. ISBN 978-90-04-13595-6. Henta 15. juli 2012.
- ↑ Gyan Marwah. «Gilgit Manuscript — Piecing Together Fragments of History». The South Asian Magazine. Haryana, India. Henta 11. juni 2009.
- ↑ «Gilgit Manuscript». Memory of the World Register. UNESCO. Arkivert frå originalen 22. september 2008. Henta 11. juni 2009.
- ↑ «India: Rare Buddhist manuscript Lotus Sutra released». BBC News. 3. mai 2012. Henta 17. juli 2012.
- ↑ «Devīkavaca». Cambridge Digital Library. Henta 12 February 2013.
- ↑ «Sanskrit Manuscripts : Devīkavaca», Cambridge Digital Library, henta 31. oktober 2019
- ↑ Fornryska näverbrev - dagens SMS? Intervju med professor Andrej Anatoljevitsj Zaliznjak i samband med hans promosjon til æresdoktor ved Uppsala Universitet i 2013 Intervjuet er på russisk med svensk tekst. Lytta til 12. januar 2014.
- Trykte kjelder
- Richard Salomon. A preliminary survey of some early Buddhist manuscripts recently acquired by the British Library.
- Richard Salomon, Andrew Glass (2000). A Gāndhārī Version of the Rhinoceros Sūtra: British Library Kharoṣṭhī Fragment 5B. University of Washington Press. ISBN 978-0-295-98035-5.
- Marit Stigsdotter, Bertil Hertzberg (2013). Björk – Trädet, människan och naturen. Balkong Förlag. ISBN 978-91-85581-68-9.
- Allmenne kjelder
- Janin, Valentin L. (februar 1990). "The Archaeology of Novgorod". Scientific American. Covers, History, "Kremlin of Novgorod", "Novgorod Museum of History", preservation dynamics, and the production of 'Birch bark documents'. Artikeln behandlar näverdokument, skrivdon samt innehåller fotografier.
- Fornryska näverbrev - dagens SMS? Intervju med professor Andrej Anatoljevitj Zaliznjak i samband med hans promotion till hedersdoktor vid Uppsala Universitet i början av 2013 Intervjuet er på russisk med svensk tekst. Høyrd på 12. januar 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Neverdokument» frå Wikipedia på bokmål, den 15. september 2019.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Birch bark manuscript» frå Wikipedia på engelsk, den 29. oktober 2019.
Bakgrunnsstoff
endre- Nettside med fotografi av neverdokument og andre funn frå Novgorod frå The University of Chicago (arkivert nettstad)