Nikolaus von Falkenhorst

Nikolaus von Falkenhorst (17. januar 188518. juni 1968) var ein tysk general under andre verdskrigen.

Nikolaus von Falkenhorst
Bundesarchiv Bild 183-2006-0529-501, Nikolaus v. Falkenhorst.jpg
Fødd17. januar 1885
FødestadWrocław
Død18. juni 1968
DødsstadHolzminden
RangGeneraloberst
EiningDen tyske hæren
Konfliktarden fyrste verdskrigen, Andre verdskrigen

Falkenhorst var fødd i Breslau i det dåverande Tyskland i ein prøyssisk offiser-familie utan jordeigedomar. Fødenamnet var Nicolaus von Jastrzembski, men etternamnet vart endra i 1911. Berre 12 år gamal vart han kadett og fullførte krigsskulen i Potsdam i 1904.

Tid i NoregEndra

 
Ministerpresident Vidkun Quisling, Reichsführer der SS Heinrich Himmler, Reichskommissar für Norwegen Josef Terboven, generaloberst Nikolaus von Falkenhorst og offiserar frå Waffen-SS, Heer og Luftwaffe 1941.
Foto: Deutsches Bundesarchiv

21. februar 1940 fekk general von Falkenhorst i oppdrag av Adolf Hitler å førebu overfallet på Danmark og Noreg. Kodenamnet for den militære operasjonen var operasjon Weserübung. Den 10. april flaug han frå Hamburg til Fornebu. Den 25. juli vart han utnemnd til Wehrmacht-befehlshaber Norwegen, den øvste tyske militære i Noreg. Året etter leia han ei tid operasjonane nord i Finnmark. Han vart avløyst av generaloberst Lothar Rendulic 18. desember 1944. Om lag ein månad seinare overtok general Franz Bohme.

Når situasjonen var «normal», styrte Reichskommissar Josef Terboven nesten uinnskrenka i Noreg. Berre om det var fare for akutt militær oppstand, skulle den fulle makta gå til Falkenhorst.

Han døydde 18. juni 1968 i Holzminden i Tyskland.