Nordisk kunst
Nordisk kunst er kunst laga i Norden eller folk frå dei nordiske landa: Danmark, Island, Færøyane, Finland, Island, Noreg, Sverige og tilhøyrande territorium. Skandinavisk kunst viser til ei undergruppe av nordisk kunst og er kunst som er spesifisert for dei skandinaviske landa Danmark, Sverige og Noreg.
Historie
endreNorrøn tid
endreVikingtidkunst viser til kunst laga i Skandinavia i vikingtida og av vikingar andre stader, særleg på Dei britiske øyane. Vikingar var aktive i nordiske land mellom slutten av tidlegmellomalderen og den tidlege delen av høgemellomalderen. Det er tre hovudkunsstilar frå denne perioden: Jellingstilen, ringerikestilen og urnesstilen. Jelling har namn etter ei dansk kongegrav i Jylland og involverer vanlegvis tunge dyredesign. Ringerikestilen inkluderer lauvornament og fletteband. Stilen er oppkalla etter Ringerike i Noreg, der det finst døme på han i lokal sandstein. Ringerikestilen kan ein òg finna i engelske manuskript, og det finst òg nokre utskjeringar i elfenbein som er utført i denne stilen. Urnesstilen er oppkalla etter dei detaljerte designane på dei utskorne dørene til Urnes stavkyrkje ved Sognefjorden. Stilen påverka også kristen kunst i England.
Eit hovudsymbol for vikingtida er vikingskipet. Det var ikkje berre ein farkost brukt som krigs- og handelsskip, men viste sann individuell design og kunst. Eit døme på dette kjem frå Osebergskipet frå 800-talet, som blei funne i ein gravhaug nær havet ved Oseberg. Skipet er over 70 meter langt, og inneheldt leivningane av to kvinner og truleg mange verdfulle gjenstandar som var blitt fjerna av gravrøvarar før den siste oppdaginga. Hovudet på skipet syner eit brølande dyr med overflateutskjering i form av samanvovne dyr som snur og vender seg.[1]
På 1000-talet blei mange skandinaver kristne. Den abstrakte kunsten deira heldt fram. Dekorasjonen av treportalen til stevkirkja i Urnes i Noreg er abstrakt samanbygd av dyr som snor seg tett inn i fleksible plantestenglar etter ein spiralrytme. Dette er ein av dei få gjenstandane som er att frå denne tida og som seinare blei innlemma i veggene til ei ny kyrkje frå 1100-talet.
På tida då abstrakte og dyremotiv spreidde seg i kunst, bygde nordeuropeiske kristne misjonærane kloster og støtta kunst med kristent innhald som var svært ulik kunst som var skapt tidlegare.[1]
Kunstprisar
endreI 1988 skipa Carnegie Investment Bank kunstprisen Carnegie Art Award til kunstnarar som er fødde i eller bur i dei nordiske landa. I 2012 etablerte det norske kongehuset Queen Sonja Nordic Art Award,[2] ein grafisk kunst-pris for nordiske kunstnarar. Han blei seinare utvida til den internasjonale kunstprisen Queen Sonja Print Award.[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Nordic art» frå Wikipedia på engelsk, den 22. juni 2024.
Bakgrunnsstoff
endre- Neil Kent (1987) The triumph of light and nature: Nordic art, 1740–1940, New York, N.Y.: Thames and Hudson. ISBN 0500234914ISBN 0500234914
- Signe Horn Fuglesang (1980) Some aspects of the Ringerike style: a phase of 11th century Scandinavian art, Odense University Press. ISBN 8774921835ISBN 8774921835
- Joan Templeton (2008) Munch's Ibsen: a painter's visions of a playwright, Seattle: University of Washington Press. ISBN 9780295987767ISBN 9780295987767
- Markku Valkonen (1992) The golden age: Finnish art, 1850 to 1907, Werner Söderström Osakeyhtiö Publishing Company ISBN 9510175706
- David M. Wilson and Ole Klindt-Jensen (1980) Viking art (Translation of Vikingetidens kunst by Klindt-Jensen and Wilson), Minneapolis: University of Minnesota Press. ISBN 0816609748ISBN 0816609748
- Jackson, David; Groninger Museum; Hypo-Kulturstiftung (Munich, Germany). Kunsthalle (2012), Nordic art: the modern breakthrough 1860-1920, Hirmer, ISBN 978-3-7774-7081-8