Opna hovudmenyen

Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1917

Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1917 vart vunnen av Sarpsborg etter finalesiger 4-1 over Brann den 14. oktober. Målskårarar for Sarpsborg var Einar Nordlie, som skåra i det 16. og 44. minutt, Alf Simensen som skåra i det 57. minutt, og Asbjørn Halvorsen, som skåra i det 59. minutt. For Brann skåra Bjarne Johnsen i det 50. minutt. 10 000 tilskodarar såg kampen på Stavanger stadion i Stavanger. Dommar var Arne Wendelborg, Frigg. Cupfinalen i 1917 var den første som vart spelt på gress.

16. NM i fotball for menn
Sesong1917
TittelforsvararFrigg
Finaledato14. oktober
VinnarSarpsborg (1. tittel)
FinalistBrann
Lag i alt32
Kampar31
Mål177 (5.71 pr kamp)
FinaleresultatSarpsborg - Brann 4-1
ArenaStavanger stadion
FinaledommarArne Wendelborg, Frigg.
Tilskodarar10 000
1916
1918

Dette var første gong Sarpsborg vann ein noregsmeisterskap. Samtidig var det første gong eit lag utanfor Austlandet spelte ein cupfinale.

Meisterskapen var open for alle interesserte klubbar. I perioden 1905–1916 hadde berre eitt lag frå kvar krins fått delta.

Sarpsborgs vinnarlag: Ingvald Martinsen, Bruun Hansen, Henry Hansen, Petter Pedersen, Asbjørn Halvorsen, Peder Jensen, Einar Andersen, Einar Nordlie, Erling Gustavsen, Alf Simensen og Per Holm.

Branns lag: Sigurd Wathne, Hjalmar Sunde, Frithjof Tønnesen, Sigurd Bøschen, George Deans, John Johnsen, Alf Berstad, Torkel Trædal, Bjarne Johnsen, Rudolf Olsen og Laurentius Eide.

1. rundeEndra

2. rundeEndra

26. august.

3. rundeEndra

23. september

SemifinalarEndra

30. september

FinaleEndra

14. oktober, Stavanger stadion.

KjelderEndra

  • www.rsssf.no
  • Andersen, Peder Chr. (1927). Norges Fotballforbund gjennem 25 år. Oslo. s. 219.