Norske Samers Riksforbund
Norske Samers Riksforbund (fork. NSR, nordsamisk Norgga Sámiid Riikkasearvi, lulesamisk Vuona Sámij Rijkasiebrre, sørsamisk Nøørjen Saemiej Rijhkesiebrie) er den største samiske organisasjonen i Noreg. Organisasjonen stiller vallister ved Sametingsval og har lenge samarbeidd med Samefolkets parti og Samepolitisk Råd i Senterpartiet politisk.
Norske Samers Riksforbund | |||
| |||
Type | forening/lag/innretning | ||
---|---|---|---|
Org.nummer | 971481463 | ||
Skipa | 30. november 1968 | ||
Hovudkontor | Kautokeino kommune | ||
Leiar | Beatrice Fløystad | ||
Ideologi | urfolksrettigheter, agrarparti, identitetspolitikk | ||
Medlemmer | 1 148 | ||
Nettstad | https://nsr.no/?lang=se |
NSR blei stifta 30. november 1968, men historia til organisasjonen går lengre tilbake. Den første sameforeininga på norsk sida blei stifta allereie i 1906, to år etter Elsa Laulas manande appell frå 1904 og den første foreininga på svensk side. NSR blei grunnlagd som eit samband av dei lokale sameforeiningane i Finnmark og Oslo Sámiid Searvi. NSR stod sentralt i kampen mot utbygging av Alta-Kautokeino vassdraget. Dei tre første presidentane til det norske Sametinget, Ole Henrik Magga, Sven-Roald Nystø og Aili Keskitalo, har komme frå NSR. NSR har hovudsekretariatet i Guovdageaidnu/Kautokeino.
Liste over leiarar
endre- 2022– : Beatrice Fløystad
- 2021–2022: Vidar Andersen (konst.)
- 2018–2021: Runar Myrnes Balto
- 2014–2018: Beaska Niillas
- 2013–2014: Gunn-Britt Retter (konst.)
- 2008–2013: Aili Keskitalo
- 2006–2008: Silje Karine Muotka
- 2005–2006: Martin Urheim (konst.)
- 2003–2005: Aili Keskitalo
- 2001–2003: Klemet Erland Hætta
- 1998–2001: Jánoš Trosten
- 1997–1998: Geir Tommy Pedersen (konst.)
- 1995–1997: Sven-Roald Nystø
- 1991–1995: Nils Thomas Utsi
- 1985–1991: Ragnhild Lydia Nystad
- 1980–1985: Ole Henrik Magga
- 1979–1980: Odd Ivar Solbakk
- 1976–1979: Peder Andersen
- 1974–1976: Odd Mathis Hætta
- 1971–1974: Regnor Solbakk
- 1969–1971: Johan Mathis Klemetsen